nyhende

Tobias Kvalvågnes Guddal byter ut Bryne-drakta med Levanger-drakt denne sesongen.ARKIVFOTO: SVENN OLAV SELE/BRYNE FK
Tobias Kvalvågnes Guddal byter ut Bryne-drakta med Levanger-drakt denne sesongen.

Blir Bryne-spelar ut 2024

Fotballspelaren Tobias Kvalvågnes Guddal (20) frå Sveio har forlenga kontrakten med Bryne.

Publisert Sist oppdatert

Den unge og talentfulle sveibuen gjekk frå Djerv 1919 til Bryne i fjor på ein kontrakt som i utgangspunktet vart ut inneverande sesong.

Ut 2024

Guddal, som har spelt fleire kampar frå start for 1. divisjonsklubben i år, har no fått fornya tillit, og har skrive under ein kontrakt som gjer han til Bryne-spelar ut 2024, skriv Jærbladet.

Bryne hadde ein tøff start på årets sesong, og låg lenge heilt sist på tabellen. Men laget har etter kvart klatra opp til ein 13. plass. Samstundes har dei fått ein grei avstand til dei tre laga som per no ser ut til å enten rykke ned eller måtte spele kvalifisering for å få ny kontrakt i divisjonen. Den trioen består av Skeid, Grorud og Stjørdals-Blink.

Stortap for Brann

Men i siste kamp ble det tap for Bryne, heile 1-5 heime mot opprykkstoget Brann. Den kampen såg Guddal frå reverebenken.

Bryne speler 18. serierunde borte mot Kongsvinger torsdag.

Powered by Labrador CMS