nyhende
Bli med på rebus-konkurranse
I år er alle barn i Sveio inviterte til å delta på ein 17. mai-rebus i nærmiljøet sitt.
Rebusen som har 21 postar, er lik for heile kommunen og blir lagt ut i krinsane Vikse, Sveio sentrum, Førde, Bua, Lid, Auklandshamn og Valestrand.
– Då eg hadde møte med 17. maikomiteen kom eg på at det hadde vore kjekt med ein rebus for heile kommunen. Det viste seg at Auklandshamn alt hadde laga ein flott rebus, og det er den me nå får lov å bruka i alle krinsane, fortel ordførar Linn Therese Erve til Vestavind.
Rebusen går ut på å samla saman éin bokstav for kvar post og til slutt setja dei saman til ein setning. Bokstaven finn du heilt nede på kvar post.
Setninga må sendast på e-post til linn.erve@sveio.kommune.no innan klokka 18.00 på nasjonaldagen.
Vinnarar og premiar blir annonsert på kommunen si FB-side den same kvelden. Det vil også liggja info om rebusløpet på Sveio kommune si heimeside.