nyhende
– Bli med på årets sommareventyr!
Det er snart klart for den digitale lesekampanjen Sommarles.no.
Sommarles er ein kampanje som finn stad i heile Noreg, og varer frå 1. juni til 31. august. Alle frå 1. – 7. klasse kan delta på arrangementet. I fjor deltok over 130.000 barn.
– Målet med kampanjen er å motivera barna til å lesa så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommarferie, og dermed auka lesekompetansen i ein periode der han vanlegvis blir svekt, seier Anitha Ramsdal ved Sveio folkebibliotek.
Ho håpar at mange frå Sveio vil vera med på Noregs kulaste lesekampanje, saman med barn frå heile Noreg.
Premiering
Ved å registrera deg på sommerles.no, kan du skaffa deg premiar ved å lesa, eller høyra på lydbøker, eller få nokon til å lesa høgt for deg. Drøym deg inn i bøkene om William Wenton, Svingens mørke verden, LasseMajas detektivbyrå, Leseland eller Grøss&Gru. Bøkene finn du på Sveio folkebibliotek.
Kommunalsjef skule og oppvekst, Solfrid Lier Habbestad, vil ønskja barn og foreldre, besteforeldre, tanter, onklar, ja, alle som les for eller saman med barn, mange flotte og gode leseopplevingar i sommar.
Avgjerande for all læring
– Sommaren er tida for dei gode bøkene for både barn og vaksne, og me kan gi oss sjølv dei gode og trivelege lesestundene om me er heime, på hytta, på telttur eller på stranda. Først og fremst gir det stor glede å flytta inn i verda til bøkene, men barnelitteraturen gir ikkje minst barn og foreldre når dei les saman, eit flott fellesskap med gode samtalar med utgangspunkt i bøkene. Sjølv om bøkene gir mange gode opplevingar gløymer me ikkje at lesing er så avgjerande for all læring. Sommarles vil hjelpa barna å halda lesenivået oppe i sommarferien, påminner Lier Habbestad om.
Sommarles.no er utvikla av Vestfold og Telemark fylkesbibliotek og Snuti AS. Årets kampanje blir leia av Viken fylkesbibliotek.
– Målet med kampanjen er å motivera barna til å lesa så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommarferie, seier Anitha Ramsdal ved Sveio folkebibliotek.