nyhende

Bli med på årets hagefuglteljing

Fuglar som overvintrar i Noreg er tøffingar. I helga er det den årlege hagefuglteljinga over heile landet, og i Sveio er det kjøttmeis og blåmeis det har vore mest av tidlegare år.

Publisert Sist oppdatert

Årets vinter har vore uvanleg snørik og kald. Korleis påvirkar slike forhold bestandane av småfuglar i norske hagar om vinteren? Det håper BirdLife Norge at mange vil hjelpa dei med å finna ut av. Laurdag 27. og søndag 28. januar kan du bidra med å rapportera kva fuglar du har i din hage.

Det er fuglane du ser ved fuglebrettet, fôringsplassen eller i hagen som skal teljast under hagefuglteljinga. Det høgaste antalet du ser samtidig av ein art skal rapporterast, og ikkje summen av alle observasjonar.

Set av minst ein time

Du bestemmer sjølv kor lang tid du brukar, men ein times tid bør vera eit minimum. Når hagefuglane blir rapportert til fuglevennen.no kjem dei umiddelbart med i statistikkane som alltid ligg tilgjengeleg på nettsida.

Har du ikkje høve til å telja fuglar 27. eller 28. januar, er det mogeleg å rapportera både veka før og etter. Rapportar frå perioden 20. januar til 4. februar 2024 kjem med i årets teljing.

I år er det 17. gong på rad at tusenvis av norske hagar skal undersøkast av fuglevener. Denne tidsserien gjer at me veit ganske mykje om korleis bestandane har endra seg i perioden. Nokre artar har problem, og det blir færre av dei, medan andre artar blir meir talrike og har auka utbreiinga si om vinteren i Noreg.

Varierer frå år til år

Talet på fuglar som overvintrar i norske hagar varierer ein del frå år til år. Variasjonene kan ha ulike årsaker, og i år er det knytt fleire spenningsmoment til teljinga:

Korleis har fuglane takla årets vinter? Kan grønfinken friskmeldast? Og kva inovasjonsartar er det i år? Det vil seia artar det er uvanleg mange av i år.

Alle kan delta på hagefuglteljinga. Lurer du på kva artar som besøker din hage, finn du hjelp på fuglevennen.no. Nettsida er full av aktuell informasjon om fuglar, og du kan spørja ein ekspert om alt i fuglane si verd.

Hagefuglar i Sveio

I Sveio er kjøttmeis og blåmeis dei to artane det har vore flest av under tidlegare teljingar. Stort sett blir dei observert i alle hagar som har vore med teljinga sidan 2008.

På dei neste plassane kjem svarttrast, som er veldig vanleg i Sveio, spettmeis, skjære og raudstrupe. Sistnemnde blei observert i 57,7 prosent av sveiohagane i fjor, og det er det fjerde lågaste talet på 17 år.

Flaggspetten fekk eit oppsving i fjor, og blei observert i neste halvparten av hagane. Andre artar i Sveio i fjor var granmeis, nøtteskrike, grønnfink, gråspurv, dompap, svartmeis, spurvehauk, pilfink, grønsisik, gjerdesmett, løvmeis, bokfink, stillits, gulspurv og bjørkefink.

Meir sjeldne observasjonar som er meldt inn frå Sveio: gråsisik (sist i 2021), kjernebitar (sist i 2021), trekryper (sist i 2021), ringdue (sist i 2019) og toppmeis (sist i 2022).

Powered by Labrador CMS