Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Bli kjent med Sveio sin øydestad
Kartverket har laga ein oversikt over dei mest aude stadene i kvar norsk kommune. Bli kjent med Sveio sin øydestad, ein stad som for nokre til og med gir assosiasjonar til Australia. Kanskje blir du like overraska som turgåarane me har snakka med.
Resultatet av Kartverket sitt arbeid med øydestader er publisert på nettstaden kartverket.no. Her får du også tips om kva dei nye geografiske opplysningane kan brukast til.
Nye turmål å samla på?
– Dreg du til villmarka for å kjæla med din indre Lars Monsen-spire eller samlar du på høge fjelltoppar og midtpunkt i kommunane? No kan du utvida samlelista di med dei mest aude punkta i kvar norske kommune, heiter det i innleiinga av artikkelen om øydestadene.
Så kvar er øydestaden i Sveio, og kor aktuelt er det å gjera han til eit nytt turmål?
– Eg har gått tur frå Bjørgjo nær Holsvika til Trodlavassnipen. Dette må vel vera det mest aude området me har her i kommunen, seier leiaren i Sveio Turlag, Arild Wiersen.
Ein ivrig turgåar som Ingvar Nymark tenkjer i same retning. Han bur ved Bjørgavegen og meiner bestemt at den mest aude staden i Sveio må finnast ein stad i Valestrand-fjella. Kanskje på Ålfjord-sida, ein stad mellom Tittelsnes og Staupe, foreslår han.
Blei overraska
Men nei. Ingen av dei erfarne turentusiastane treff blink denne gongen. Og dei blir begge svært overraska når dei får høyra kva fasiten seier. Ifølge Kartverket er nemleg Hjartholmen utanfor Auklandshamn i Bømlafjorden den mest aude staden i Sveio.
Hjartholmen er ein liten, flat holme tett på hovudskipsleia gjennom fjorden. Holmen, som tilhøyrer ein grunneigar i Auklandshamn, er hekkeplass for sjøfugl. Me observerte både gråmåke og svartbak, tjeld og gjess under vårt besøk på holmen.
Og den moglege fellesnemnaren med Australia? Svaret er kaniner! Gjennom mange år har Hjartholmen hatt ein populasjon av kaniner. Ingen av dei valde å visa seg då me trakka inn på området deira. Spora etter kaninene, både i form av ekskrement og holer i jorda, var derimot tydeleg nok.
Hamneforholda på Hjartholmen er ikkje dei aller beste. Nokre nyttar kanskje likevel holmen som turområde. Langt meir kjent og meir brukt er likevel dei mange gode fiskeplassane rundt Hjartholmen.
Frå Hjartholmen har du utsikt til Langevåg, Moster og Stord, til Kvinnheradfjella og Sveio sin vestkyst frå Valevåg til Tjernagel. På fjorden passerer stadig store og små båtar forbi. Eit yrande liv, med andre ord, men knapt det dei fleste assosierer med ein øydestad.
– Enorm respons
Senioringeniør Martin Egger i Kartverket er ikkje overraska over at lokale turfolk i Sveio sperrar opp augo når dei får vita at Hjartholmen er deira øydestad. Øydestaden i kvar kommune skal vera den staden som ligg lengst unna menneskelege inngrep i form av dyrka mark, byggverk, kraftliner, regulerte vassdrag, oppdrettsanlegg og så vidare.
Turvegar og ferjeruter er derimot ikkje rekna med som menneskelege inngrep i denne samanhengen. Langs kysten viser det seg i fleire tilfelle at øydestaden er ein holme.
– Me har fått enorm respons etter at informasjonen om øydestadene blei publiserte på nettsida vår i mars, og særleg etter at NRK hadde eit innslag om saka. Responsen har i stor grad kome frå media, men også frå enkeltpersonar. Og tilbakemeldingane har vore både positive og negative, fortel Egger.
Han er merksam på at nokre av øydestadene ligg i sårbar natur. I den grad oversikten over audestader vil føra til meir ferdsel i området, kan det bli eit problem.
– Difor har me også laga ein obs-kolonne i oversikten med informasjon om særlege forhold å ta omsyn til. Det kan vera alt frå kalvingsområde for villrein til hekkeplassar langs kysten. I ei ny utgåve av oversikten som kjem snart, vil me også lenka direkte til verneføresegnene, fortel Egger.
– Kan forstyrra fuglelivet
Om dette også kan vera ei akatuell problemstilling for Hjartholmen, vil blant anna vera avhengig av om statusen som øydestad fører til auka ferdsle. Korkje Wiersen eller Nymark er overtydde om at turiststraumen til holmen vil auka om han aldri så mykje er utpeikt til øydestad.
– Auka ferdsle kan sjølvsagt forstyrra fuglelivet, særleg i hekketida og særleg dersom folk slår seg ned for å grilla eller campa på holmen, seier fuglefotograf og amatør-ornitolog Jan Kåre Ness i Haugesund.
Han kjenner ikkje Hjartholmen særskilt, men påpeikar at folk som ferdast i naturen alltid bør ta omsyn til fuglane si hekketid og tida då ville dyr får ungar. Også lovverket seier noko om dette, minner han om.
Eventuelle kaniner på holmen meiner han må vera attraktive byttedyr for havørn som hekkar på fastlandet i nærleiken.
Oppdatert utgåve
Egger kan elles fortelja at Kartverket har fått melding om feil i oversikten. Mellom anna har dei fått informasjon om bygg som ikkje er med i det kartgrunnlaget som er brukt. Desse feila vil bli retta. Egger fortel at det snart kjem ei ny utgåve av lista over øydestader.
Kartverket har nytta kartbasen N50 og oppdaterte opplysningar frå januar 2025 ved utarbeiding av oversikten over audestader. N50 er også basen som dei vanlege turkarta er baserte på.
Oversikten gir oss fleire interessante opplysningar om landet vårt. Som for eksempel dette, som Kartverket trekkjer fram i sin presentasjon:
- Lebesby i Finnmark har Noregs mest aude punkt, 14 km frå næraste inngrep.
- 12 kommunar har øydestaden meir enn 10 km frå næraste inngrep.
- Klepp i Rogaland har den minst aude øydestaden i Noreg, berre 290 m frå næraste inngrep.
- Nærøysund i Trøndelag er kommunen med øydestaden lengst unna kommunegrensa (25 km).
- Ingen kommunar har identiske øydestader, men det er berre 52 m mellom øydestadene til Våler og Skiptvet i Østfold.
- Kautokeino har sitt audaste punkt lengst unna ein annan kommune sin øydestad (84 km).
- Bygning er det objektet som oftast ligg nærast ein øydestad (185 kommunar), følgt av veg (63 kommunar).
Oversikten viser også at 82 kommunar har sin øydestad på kommunegrensa, og 11 av desse ligg på riksgrensa. 97 kommunar har øydestad på kystkonturen, i mange tilfelle ei øy langt til havs. 13 kommunar har øydestad på ein innsjøkant. Desse og fire til har eigentleg sin øydestad i eit vatn, men Kartverket har altså kravd landjord under beina, slik at besøkande i det minste kan få planta eit flagg på øydestaden.
– Arbeidet med å laga oversikt over øydestader er jo ikkje det viktigaste me gjer. Men det er kjekt å sjå engasjementet som denne oversikten har skapt, seier Egger.