nyhende
— Blei ikkje så ille som dei meldte
Uvêret var heftig då det sto på, men det er ikkje meldt om større skadar etter den sterke vinden i går.
Journalist Thomas Vallestad Drageset var ute på fototur i går ettermiddag. Glimt frå turen kan du sjå i biletgalleriet over.
Nokre knekte tre og ein del velta bosspann var det å observera, men ingen større skader er meldt inn førebels.
Langevåg-Buavåg-sambandet var i normal drift igjen frå klokka 19.00 i går kveld etter å ha vore innstilt sidan 14.50.
Ingen oppdrag
— Me har ikkje hatt eit einaste oppdrag i samband med uvêret. Mange har nok vore flinke å sikra seg og sitt, men det ser også ut til at det ikkje blei så ille som dei gjekk ut og meldte på førehand i media, seier Bjarne Hetlesæter, utrykningsleiar i Haugaland Brann og Redning avdeling Sveio og Førde.
Heller ikkje politiet hadde oppdrag i Sveio i samband med uvêret. Dei einaste meldingane som kom inn i løpet av ettermiddagen og kvelden i går var om to knekte tre. Eit på Kårstø og eit i Sagvåg.