nyhende

Olve Grønås Birkeland var nøgd med eigen innsats laurdag.FOTO: TRIO BIRKELAND
Olve Grønås Birkeland var nøgd med eigen innsats laurdag.

Birkeland tok sitt andre gull i nordisk

Olve Grønås Birkeland (19) frå Sveio kan etter laurdagens feltskyting i Follo kalle seg dobbeltmeister. Og han kan no smykke seg med til saman fire gullmedaljar i ungdomsklassen etter å ha deltatt i tre nordiske meisterskap.

Publisert Sist oppdatert

Frå tidlegare hadde den unge sveibuen gull i baneskyting i 2019, gull i feltskyting i Danmark i fjor, gull i baneskyting i Noreg fredag, og laurdag vart det ein ny gullmedalje då feltskyting stod på programmet.

I særklasse

Han skaut solide 41/22 på feltrunden. Det var det ingen andre som var i nærleiken av. Nærmast for Ronja Hammervold som oppnådde 40/19 treff. Bronsemedaljen gjekk til danske Mads Bakke Nielsen med 39/15.

Medaljetrioen var i følgje Norsk Skyttertidende i særklasse betre enn konkurrentane.

God avstandsvurdering

— Eg er kjempenøgd med 41 treff. Vinden var litt vanskeleg å forstå, så eg tok to knepp for mykje der eg mista eitt treff. Samstundes var eg veldig god på avstandsvurderinga i dag, sa 19-åringen sa den nybakte dobbeltmeisteren til Skyttertidene etter sigeren.

19-åringen representerer Haugesund og Sveio skytterlag, og under nordisk meisterskap sjølvsagt det norske landslaget.

Nordisk meister Olve Grønås Birkeland sammen med sølvvinnar, norske Ronja Hammervold og danske Mads Bakke Nielsen som tok bronsen.
Powered by Labrador CMS