nyhende
Bilverkstad fekk gjev utmerking
Haukås Bilverksted AS er den sjuande verksemda i Sveio som får utmerkinga «miljøfyrtårn-sertifisert». Fredag var ordførar Linn Therese Erve innom verkstaden for å heidra dei tilsette med diplom og kake.
— Eg fann fort ut at miljøfyrtårn-sertifisering innebar mykje meir enn å sortera avfall og hengja opp plakatar, seier Solfrid Hjortland Kinn, som er dagleg leiar på Haukås Bilverksted AS.
Berekraftig fokus
Sertifiseringa har vore tidkrevjande, og Haukås Bilverksted AS gjekk i gang med prosessen allereie i oktober i fjor. Sidan den tid har dei jobba med å setja opp instruksar for berekraftig og miljøvenleg drift.
No kan dei gleda seg over at dei har klart å oppfylla kriteria som må liggja til grunn for å få miljøfyrtårn-sertifisering.
— Me er kjempenøgde. Me vil ha eit sterkt fokus på berekraft og miljø i tida framover, seier Hjortland Kinn.
Ho fortel at dei har sett opp ei målsetting som er tilpassa den daglege drifta deira, og at verksemda var nøydd til å oppfylla heile 41 kriterium for å få miljøfyrtårn-sertifikat. Det dreiar seg om alt frå prosedyrar knytte til internkontroll, substitusjonsvurderingar av kjemikalium til å kunna erstatta framtidige utleigebilar med elbilar for å nemna noko.
— Dei store verksemdene stiller i større og større grad miljøkrav til underleverandørane sine. For å imøtekoma desse krava, vert det desto viktigare for oss å ha denne sertifiseringa, understrekar Hjortland Kinn.
— Imponert
Ordførar Linn Therese Erve (Ap) Erve fortel at ho er byrg over å kunna utrekkja eit miljøfyrtårn-diplom til bilverkstaden.
— Haukås Bilverksted AS er den sjuande verksemda i Sveio som får denne sertifiseringa, og det er mange kriterium som må oppfyllast for å få utmerkinga. Difor er eg imponert over jobben dei har gjort. Bilverkstaden går på denne måten fram som eit godt døme og førebilete for andre verksemder, og det er eit viktig steg i retning av berekraftmåla våre. Ingen kan gjera alt, men alle kan gjera noko, seier ein blid og glad Sveio-ordførar.