nyhende

Endringar 1. august:

1. august blir maksprisen på barnehage kutta til 1200 kroner. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK
1. august blir maksprisen på barnehage kutta til 1200 kroner.

Billigare barnehage, ny fråværsgrense og auka studiestøtte

No på fredag trer fleire endringar i kraft. Mellom anna blir maksprisen kutta på barnehage med 800 kroner i månaden. Og terskelen for når læraren kan gripe inn fysisk i skulen, blir senka.

Publisert Sist oppdatert

– Me hadde ein makspris på barnehagen på 3.300 kroner då me tok over. Me har i ulike trinn sett han ned, og frå 1. august går han altså ned til 1.200 kroner, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) til NTB.

På valkampturné denne veka besøkte han ein familie i Sande i Vestfold med to barn i barnehagen.

– For dei så er det nesten 40.000 kroner sparte frå nivået det var på, seier Støre.

Det er også fleire andre endringar som trer i kraft fredag 1. august. Statsministeren har med seg ei liste for å vise det fram:

Studiestøtta blir auka med 10 prosent frå 1. august.

Auka studiestøtte

  • Studiestøtta blir auka med 10 prosent frå august 2025. Det betyr 15.169 kroner årlegare.
    – Studentane får ikkje veldig raus økonomi som følgje av dette, men dei får betre økonomi. Og så skal me jobbe vidare med å stabilisere økonomien til studentane neste periode, seier Støre.
  • Vidare kjem det 550 millionar kroner til betre bemanning i SFO frå 1. august, noko regjeringa vart samd med SV og Senterpartiet om i budsjettforhandlingane.
    Tidlegare har det vorte innført 12. timar gratis SFO per veke for elevar på 1. til 3. trinn.
    – No ønskjer me endå betre kvalitet på tilbodet.
Fråværsgrensa på vidaregåande blir endra frå 1. august. Terskelen for at lærar kan gripe inn fysisk, blir òg senka.

Vidare skjer alle desse endringane:

  • 1. august blir det innførte nye reglar for når tilsette i skulen kan gripe inn fysisk for å hindre at elevar krenkjer andre psykisk eller vesentleg forstyrrar undervisninga til andre elevar. Terskelen blir senka.
    – Skulen skal vere ein stad der elevane og tilsette er trygge, trivst og lærer. Verbal mobbing og trakassering kan vere like alvorleg som fysisk vald, og det er viktig å verne elevar og tilsette mot dette, sa kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) då regelendringa vart foreslege.
  • 1. august blir fråværsreglane endra i vidaregåande skule.
    – Fråværsgrensa skal framleis vere på ti prosent, men skal minne meir om reglane for sjukefråvær i arbeidslivet. Eleven kan levere eigenmelding på sjukefråvær i opptil ti prosent av timane i eit fag. Viss sjukefråvær og udokumentert fråvær til saman når ti prosent, må ytterlegare sjukefråvær dokumenterast med attest frå helsepersonell, opplyser regjeringa.
  • Strengare krav til bruk av lærlingar når bedrifter skal jobbe for det offentlege gjeld frå 1. august. Målet er fleire læreplassar og fagutdanning.
  • Endringar for turistfiskenæringa: Det blir frå 1. august krav om at fangstrapporteringa til turistfiskebedriftene skal skje dagleg. Det blir også innført 12 års aldersgrense for å kunne nytte seg av utførselskvote, og det blir strengare krav om utførselsdokumentasjon ved grensepassering, opplyser regjeringa. Neste år skal mengda fisk ein kan ta ut frå landet bli redusert.
  • Frå 15. august kan varetekt gjennomførast med fotlenkje. Den nye heimelen i straffeprosesslova opnar for at varetekt kan gjennomførast utanfor fengsel, med elektronisk kontroll, såkalla fotlenkje, opplyser regjeringa.
  • Frå1. august blir vilkåra endra for familiegjenforeining mellom barn med vern i Noreg og foreldra og søskena til barnet. Endringa skal mellom anna for å forhindre at det blir gitt opphaldsløyve i saker der det vil føre til bigami.
  • Frå og med 1. august får regjeringa heimel i opplæringslova og barnehagelova til å etablere register med personopplysningar om barn i barnehage og grunnskuleopplæring. Bakgrunnen er at regjeringa vil opprette to nasjonale register med nokre opplysningar om kvart enkelt barn, slik at det blir mogleg å følgje utviklinga deira over tid.
  • Nye reglar om etableringsgodkjenning i barnehagelova trer i kraft 1. august.
  • Endringar i privatskulelova. Det blir innført ein heimel i privatskulelova til å gi straffegebyr ved brot på reglar i lova eller føresetnadene for godkjenninga til skulen.
  • Ny folkehøgskulelov trer i kraft. Den nye lova skal leggje til rette for kvalitet og mangfald i folkehøgskulane, opplyser regjeringa.
  • Innføring av dansk og svensk som likestilte alternativ til norskkravet for å få ferda ut fag- eller sveinebrev frå 1. august.
  • Reduksjon i avgiftssatsen på avfallsforbrenning for ikkje-kvotepliktige verksemder. Avgifta blir redusert frå 908 kroner per tonn CO2 til 830 kroner per tonn CO2 frå1. august.
  • Frå 31. juli 2025 trer plikta til å registrere reelle rettshavarar i kraft. Frå1. august skal Brønnøysundregistera følgje opp manglande etterleving av registreringsplikt med pålegg og tvangsmulkt.
  • Endringar i reglane om klagenemnder innanfor Kunnskapsdepartementet, frå 1. august.
  • Endringar i tiltaksforskrifta for opplæringstiltak.
    – Endringane har som formål å auke fleksibiliteten i opplæringstiltaket, og dessutan sørgje for betre samsvar mellom Arbeids- og velferdsetatens opplæringstiltak og fylkeskommunen sitt opplæringstilbod, opplyser regjeringa.
  • Nye reglar om verdipapirisering og om betalingar på tvers av landegrensene innanfor EØS trer i kraft1. august.
  • Forskrift om eigenregistrering i matrikkelen. Legg til rette for at eigarar og festarar sjølv skal kunne komplettere opplysningar om eigne eigedommar i matrikkelen , altså Noregs offisielle eigedomsregister for eigedommar, bygningar og adresser.
Det blir opna for at varetekt blir gjennomført med fotlenkje.
Powered by Labrador CMS