nyhende
Billettsalet til fotball-VM startar i dag – her er alt du må vite
Noreg styrer mot sin første fotballmeisterskap for menn sidan 2000. Dette må du vite om billettjakta.
Med full pott på fem kampar og ein heftig målforskjell må Ståle Solbakkens landslag snuble på oppløpet for ikkje å bli puljevinnar i VM-kvalifiseringa.
Tysdag vart Moldova slått heile 11–1 på Ullevaal, og dei siste kampane er mot Israel (11/10), Estland (13/11) og Italia (16/11).
Allereie frå i kveld kan du melde billettinteressa di til Det internasjonale fotballforbundet (Fifa). Klokka 17 norsk tid startar den første fasen i VM-salet.
Billettane blir etappevis selde fram mot finalen 19. juli. Årsaka er at Fifa ventar høg etterspurnad.
Her får du svar på dei viktigaste spørsmåla:
Når og kvar blir fotball-VM spelt?
Sluttspelet er lagt til Canada, Mexico og USA i perioden 11. juni til 19. juli neste år. Av 16 vertsbyar er elleve amerikanske. Opningskampen blir spelt i Mexico by.
Korleis får eg tak i billettar?
Det er fleire moglegheiter, og dei har ulik grad av tryggleik og prisnivå.
- Fase 1: Frå 10. til 19. september kan du på Fifas nettsider melde deg på det som i praksis blir eit lotteri. Du må ha eit Visa-kort for å vere med. Fifa trekkjer deretter eit tilfeldig tal deltakarar som får ein dato og eit tidsrom i oktober til å kjøpe billettar.
- Fase 2: Påmeldingsperiode i dagane 27.–31. oktober, men utan krav om Visa-kort. Dei som blir trekte ut, kan kjøpe billettar i november og tidleg desember.
- Fase 3: Kort tid etter trekkinga av VM-gruppene 5. desember blir det eit nytt lotteri. Sidan oppsettet er klart, kan ein søkje om sitjeplassar på konkrete kampar.
- Fase 4: Om du går glipp av lotteria eller har uflaks, blir det ein gong på våren sal etter «først til mølla»-prinsippet av attverande billettar.
- Vidaresal: Fifa skal lansere ei eiga plattform for vidaresal av billettar.
- VIP: Slike pakkar er allereie i sal, men kostar fleire tusen dollar per person.
- Nasjonskvotar: Fleire tusen billettar per kamp blir gitt til deltakarnasjonane. Norges Fotballforbund får jobben med å selje og distribuere ein eventuell norsk kvote.
Kor mange billettar kan eg kjøpe?
Du kan kjøpe inntil fire billettar per kamp fór opptil ti oppgjer – altså 40 billettar per person.
Kva eksakt kan eg kjøpe i første salsrunde?
Du får tre alternativ:
- Billettar til ein viss kamp: Alle kampar, inkludert finalen, blir tilgjengelege, men billettane kan vere utselt før du får nytta tidsrommet Fifa har gitt deg.
- Billettpakke på ein viss arena: Du kan kjøpe tilgang til alle gruppekampar og den første utslagskampen i ein gitt by. Opningskampane i Mexico by, Los Angeles og Toronto er ikkje inkludert i pakkane.
- Billettpakke for eit visst lag: Her er alle tre gruppekampane til eit visst lag inkludert. Du kan velje Noreg sjølv om laget ikkje er kvalifisert på det tidspunktet. Dersom Noreg ikkje tek seg til VM, får du refundert beløpet.
Du treng ikkje velje nokon av desse alternativa før i oktober. I første omgang søkjer du berre om ein plass i køen for å få eit tidsrom.
Kva kostar VM-billettane?
Dei billigaste billettane til gruppekampane går for 60 dollar (rundt 600 kroner), men desse blir det få av. Fifa har varsla ei dynamisk prissetjing, og billettane kan koste ulikt frå dag til dag.
Per i dag er maksprisen på ein ordinær billett til VM-finalen på 6730 dollar. Det svarer litt til over 67.000 kroner og er meir enn fire gonger så dyrt som i Qatar i 2022. VIP-plassar kostar frå 35.000 til 730.000 kroner per person gjennom heile meisterskapen.
Kvar får eg sitjeplass?
I store internasjonale fotballturneringar som VM blir billettane vanlegvis delt inn i tre til fire kategoriar. Som regel veit ikkje kjøparane kva seksjon eller rad dei får tildelt.
Ein kategori 1-billett er gjerne på nedre del på langsida, medan kategori 2 og 3 vanlegvis er i hjørna eller bak eit mål. I 2026-VM justerer Fifa inndelinga til amerikanske forhold, og skiljet vil i større grad gå etter «nedre seksjon», «andre nivå» og «øvre nivå».
Du kan ikkje rekne med å få tildelt billettane du kjøper med ein gong. Dei blir først tilgjengelege når meisterskapen nærmar seg.
Garanterer ein VM-billett innreise til USA?
Nei. Du må på ordinært vis søkje og få innvilga visum frå amerikanske styresmakter. Per i dag er det ingen kjende planar om at USA vil gjere innreise enklare for VM-fans.
Kjelder: Fifa og The Athletic