Bilførarar over 80 år må framleis levere helseattest.FOTO: NPK
Bilførarar over 80 år må framleis levere helseattest
Det skal framleis krevjast helseattest av bilførarar over 80 år, men kognitive testar skal berre brukast i tilfelle der det er mistanke om kognitiv svikt.
NPK-NTB: Statens vegvesen og Helsedirektoratet vart av Stortinget bede om å greie ut konsekvensar av å fjerne kravet om helseattest.
Konklusjonen er at det kan føre til at fleire blir drepne eller hardt skadde i trafikkulykker fordi det er sannsynleg at fleire bilførarar køyrer utan å oppfylle helsekrava.
Dermed held ein fast ved kravet, men regjeringa presiserer i regelverket at kognitive testar berre skal nyttast ved mistanke om kognitiv svikt.
Det skal også bli lettare for fastlegen å vise eldre bilistar til vurdering hos Vegvesenet, og bruk av køyresimulator skal utgreiast.