nyhende
Bileta dine kan få representera Sveio
Kommunen skal få ny og betre nettside. Digitaliseringsrådgjevar Kristine Rossehaug er på jakt etter nye bilete frå Sveio og håpar fleire innbyggjarar vert med i fotokonkurransen deira: – Me har allereie fått inn 18 bidrag, seier ho.
Då Sveio kommune bytte IKT-system i fjor, vart dei del av eit samarbeid med til saman 11 andre kommunar. Det har kutta driftskostnadar for alle involverte, og no tek dei eit steg vidare frå å spara til å fornya.
– Nye nettsider var allereie på agendaen før me vart del av samarbeidet, så difor får me nyta av denne oppgraderinga me også, seier Kristine Rossehaug i Sveio kommune.
Trua på dei lokale
Ho er digitaliseringsrådgjevar og har saman med kollega Vibeke Berge Vierdal lagt ned mykje arbeid i prosjektet. Men, det er ein ting dei ikkje har mogelegheit til å gjera sjølv, og det er skaffa bilete av kommunen som kan brukast på nettsida.
– Det var snakk om å leiga fotograf, men så gjekk me heller for å halda ein fotokonkurranse, seier Rossehaug.
– Kven sin idé var det?
– Det var min. Eg lufta den med rådmanen og me fekk grønt lys, svarar ho.
Rossehaug og Berge Vierdal har trua på ei «heimelaga» løysing, då dei beste bileta truleg vert teken av dei lokale. Og så langt har det kome mykje bra.
– Me har allereie fått inn 18 bidrag. Kjempemykje fint, seier ho.
På tide med nye
– Kva skal bileta brukast til?
– Dei vert del av hovudsida, bilete til nyheiter, kalender og beredskapsmeldingar, svarar Rossehaug.
Det betyr at sveibuen sine bilete kan verta noko av det første ein ser på kommunen si nye nettside. Eit godt bilete kan vera god reklame for Sveio som ein stad å slå seg ned fortel rådgjevaren. Dei som vert trekt ut får kreditering som fotograf. Det er på høg tid med utskifting forklarar Rossehaug, medan ho blar gjennom dei bidraga som har komen inn så langt.
– Alle bileta me har frå før er ganske gamle, avsluttar ho.
MERKNAD:
I den første utgåva av artikkelen var det feil namn på Vibeke Berge Vierdal. Me ber om orsak!