nyhende

Mållaget ønskjer fleire bilete til årets utgåve. Foto: Privat.
Mållaget ønskjer fleire bilete til årets utgåve.

Bilder til Sveiokalenderen 2026

Sveio Mållag er i gang med neste års utgåve av Sveiokalenderen og håpar fleire vil senda inn bilde innan fristen 31. mai.

Publisert Sist oppdatert

– Me ønskjer bilde frå heile Sveio, helst frå lett gjenkjennelege stader. Eller motiv som gjer at folk tenkjer: «Oi, det såg fint ut, lurer på kvar det er», seier leiar i mållaget Ole Jacob Ravn Ottesen.

Kalenderen har blitt gitt ut sidan slutten av 1980-talet og er hovudinntektskjelda til Sveio mållag. No er det den 37. utgåva som er under planlegging.

Samarbeid med ungdomsskulen

Kalenderen er òg eit samarbeidsprosjekt med ungdomsskulen. Elevane som byrjar i 9. klasse til hausten får skriva dikt til bileta og vera med på å selja kalenderen. Dei får òg ein del av inntektene.

– Me synest elevane fortener å tena gode pengar på dette. Det gir dei motivasjon, og kalenderen kjem ut til fleire. Det er ein vinn-vinn-situasjon, seier Ottesen. Elevane som sel får ein fast sum per solgte kalender.

Sal og opplag

Kalenderen kjem i eit opplag på 900 eksemplar, men i fjor var det rekordsal, og Mållaget vurderer no å trykka fleire.

Elevane har salgsmonopol den første veka. Etterpå blir kalenderen seld i butikkar rundt om i kommunen.

Bildeønskje og frist

Mållaget ønskjer ikkje nærbilde av folk. Nokre menneske kan vera med, men hovudfokuset skal vera på staden. Det er viktig med god oppløysing og at bileta er i landskapsformat.

Fristen for innsending er 31. mai, men Ottesen seier dei gjerne ser på bilde som kjem inn nokre dagar etter.

– Har du eit godt bilde frå Sveio, så send det til mållaget, oppmonar han.

Powered by Labrador CMS