nyhende
Bil vingla frå Førde til Knapphus
Politiet fekk fleire meldingar frå køyrande om ein vinglande bil i Førde. Leitinga enda i Knapphus, der bilen heldt på å trille inn i ein butikk.
Det var på dagtid tysdag at politiet fekk melding frå uroa trafikantar på E39.
— Oppdraget byrja med ei melding om eit kjøretøy som vingla i køyrebanen i Førde, seier Håkon Tornes, vaktsjef ved Haugesund politistasjon.
På veg sørover
Han fortel at fleire ringde politiet angåande den vinglande bilen som var på veg sørover.
— Den var over i motsett køyrefelt, og det var såpass at motgåande trafikk måtte blinke på den, seier Tornes.
Trefte nesten autovern
Bilen skal til slutt ha køyrt inn på ein rasteplass, og skal nesten ha enda i eit autovern.
Då ein patrulje i Vindafjord fekk auge på bilen heldt den på å trille inn i ein butikk på Knapphus.
— Det var ikkje promille eller noko slikt, seier Tornes.
Føraren var ein mann i slutten av 70-åra. Han vart meldt for brot på paragraf 3 i Vegtrafikkloven og fråtatt førarkortet.
Lova seier at ein skal køyre varsamt så det ikkje oppstår fare eller gjerast skade mot annan trafikk.