nyhende
Bil traff fjellvegg, snurra rundt og hamna i grøfta
Ulykka skjedde i 80-sona i Tjernagelvegen og blei meldt klokka 14.21 søndag. Det var fire personar i bilen.
SISTE: Alle fire personane i ulykkesbilen er sendt til legevakt for sjekk. Ein av dei med smerter i ryggen, dei andre i sjokk. Nødetatane har forlate ulykkesstaden.
– Det som skjedde var at bilen mista veggrepet, traff ein fjellvegg, roterte 180 grader og hamna i grøfta. Det er tatt beslag i førarkortet til sjåføren og oppretta sak, opplyser operasjonsleiar Steinar Knudsen ved Sør-Vest politidristrikt til Vestavind.
– Er det snakk om høg fart?
– Det kan eg ikkje seia noko om per no. At det blir gjort eit førarkortbeslag kan ha mange årsaker. Mellom anna fart eller at sjåføren har vore trøytt og uoppmerksam, seier Knudsen.
Det er ikkje mistanke om køyring i ruspåverka tilstand.
Alle nødetatane rykka ut
På X melder politiet klokka 14.21 at det ein bil som er involvert i trafikkulykka, og at den har kome borti ein fjellvegg. Det var fire personar i bilen, og ein av dei skal ha smerter i ryggen.
Alle nødetatane blei sendt ut til ulykkestaden, og brannvesenet rykka ut frå Sveio brannstasjon.
Kort tid etter melde politiet på X er at bilen var ute av vegbanen. Det var ein del trafikk, men den gjekk greitt i begge retningar.