nyhende

Ei patrulje rykte ut etter tips om vinglete bilkøyring langs Tittelsnesvegen i Sveio.

Bil stansa etter tips - daudt rådyr funne i hage

Politiet rykka onsdag 18. mars ut etter melding om vinglete køyring på Tittelsnesvegen. Seinare same dag fekk dei òg melding om eit daudt rådyr i ein hage på Mølstre.

Publisert

Klokka 09.40 fekk politiet melding frå publikum om ein bil som køyrde vinglete og med skiftande fart langs Tittelsnesvegen i Sveio.

Ei patrulje rykte ut og stoppa bilen ved Bømlafjordtunnelen i retning Stord.

– Det synte seg at alt var under kontroll. Patruljen konkluderte med at det var ein uerfaren sjåfør, opplyser vaktsjef ved Haugesund politistasjon, Anna Østensvik-Lu.

Ho seier politiet set pris på at publikum er årvakne og sender inn tips.

Dødt dyr i hagen

Seinare på dagen, i 15-tida, melde ein huseigar på Mølstre frå til politiet om eit dødt rådyr som låg i hagen.

Rådyret skal ha hatt skadar som tydde på at det hadde vore i ein form for kamp.

Viltnemnda blei varsla, og huseigaren fekk råd om å flytta dyret ut i skogen og la naturen gå sin gang, melder vaktsjefen.

Powered by Labrador CMS