nyhende

Illustrasjonsfoto: Irene Flatnes Haldin

Bil påkøyrd bakfrå av motorsykkel

Publisert Sist oppdatert

Ein motorsykkel har køyrd inn i ein personbil bakfrå i Førde. MC-føraren framstår som lettare skada, og blir undersøkt av helsepersonell på staden. Ei politipatrulje var like i nærleiken då uhellet skjedde. Det melder politiet på Twitter klokka 13.45.

Like før klokka 14 er eit køyrefelt på ulukkesstaden stengt, og trafikken blir dirigert forbi staden, blir det opplyst frå Sør-Vest politidistrikt.

Powered by Labrador CMS