nyhende
Bil køyrde i grøfta – glatt vegbane på staden
Det var Vegrafikksentralen vest som meldte om utforkøyringa på E39 søndag kveld.
Bilen hadde køyrd i grøfta ved Bårvågsvatnet, men var ikkje til hinder for trafikken. Bilbergar blei bestilt og var framme litt over klokka 18.00
Vegtrafikksentralen meldte samstundes at eitt felt ville bli stengt i samband med bilberginga. 40 minuttar seinare blei det meldt om at det var fri ferdsel på E39 igjen.
Ved Haugesund politistasjon får Vestavind opplyst at dei fekk vita om utforkøyringa ved at ein kollega fra Vest politidistrikt kom til staden og melde frå. Bilføreren hadde då sjølv rekvirert bergingsbil.
Ingen personar kom til skade i samband med utforkjøringa, og det blei ikkje oppretta politisak etter hendinga. Det blei fortalt om svært glatt vegbane og nedbør som fraus på bakken der uhellet skjedde.