nyhende

PolitiUPUtrykkingspolitietHaukås

Bil køyrde i fjellvegg like ved Fjon

Politiet fekk laurdag kveld melding om at ein bil hadde køyrt i fjellveggen i Ålfjordvegen. Det var fire personar i bilen, som fekk store skadar.

Publisert Sist oppdatert

Ulukka skjedde ikkje langt frå Fjon, og blei meldt til politiet 21.30. Då politiet kom til staden, sto det ein person igjen. Han var oppegåande, men bilen hadde fått store materielle skadar.

Mannen i midten 20-åra som sto igjen eig bilen og var sjåfør då ulukka skjedde. Han blei testa på staden og blåste grønt. Deretter vart han sendt til sjukehus for sjekk.

— Dei andre involverte var køyrt til legevakt for sjekk. Utover kvelden vart alle involverte spora opp og snakka med. Sjåføren har fått status som mistenkt. Det er oppretta sak og tatt beslag i førarkortet. Sidan det er så store skadar på bilen, er det mistanke om at fart er ein del av ulukkesårsaka, seier vaktsjef Britt Jorunn Løvereide ved Haugesund politistasjon.

Powered by Labrador CMS