nyhende

Illustrasjonsfoto: IRENE FLATNES HALDIN

Bil i fjellvegg ved Hanaleite

Eit einsleg køyretøy køyrde inn i fjellveggen ved Hanaleite grytidleg torsdag morgon. Melding om ulukka kom inn til politiet klokka 05.50.

Publisert Sist oppdatert

Ifølgje politiet klarte førar sjølv å koma seg ut av bilen. Vedkomande klaga på ryggsmerter og blei kjørt bort frå staden i ambulanse.

Det var redusert tilkomst på Hanaleite på grunn av ulukka. Trafikken glei forbi i eitt felt. Det var også svært dårleg vêr i området, skriv operasjonssentralen i Sør-Vest politidistrikt på Twitter like over klokka 06.30.

Klokka 09.00 er bilberging ferdig på staden og vegen opna igjen.

Politiet skriv på Twitter at dei ikkje har fleire opplysningar om skadeomfanget på førar. Eitt av vitna på staden fekk eit kutt i handa då han hjelpte bilførar ut av bilen. Vedkomande blei plastra og bandasjert av brannmannskap på staden.

Det er oppretta sak på forholdet.

Powered by Labrador CMS