nyhende

Biblioteksjef Kristine Thorkildsen har fått innvilga skjenkeløyve til litterær salong med Agnes Ravatn i november.FOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET
Biblioteksjef Kristine Thorkildsen har fått innvilga skjenkeløyve til litterær salong med Agnes Ravatn i november.

Biblioteket ønskjer skjenkeløyve

Biblioteksjef Kristine Thorkildsen ynskjer å kunne servere øl og vin til gjestar som kjem for å høyre Agnes Ravatn fortelje om si nye bok. Men krav til løyvet kan setje ein stoppar for at det vert mogeleg å ta seg eit glas.

Publisert Sist oppdatert

— Det er ein måte å gå ut og kosa seg på, det vert jo ein annan atmosfære, seier biblioteksjef Kristine Thorkildsen.

Ho har nyleg søkt om si fyrste midlertidige skjenkeløyve til Sveio bibliotek. Årsaka er eit bokbad som er planlagd den 24. november, for den nye boka til Ravatn.

Den store stjerna

— Agnes er vår store stjerne, så det er kjekt å gjere noko spesielt for ho, seier Thorkildsen

Det er ikkje heilt sikkert ho får løyve grunna ein rekke reglar, og ein eksamen ho må avleggje fyrst. Til dømes må det gå to timar frå førige arrangement slutta til dei kan byrje, noko som vert vanskeleg på eit bibliotek med mykje aktivitet.

Men, Thorkildsen satsar på siger og held på å finne ei løysing.

— Kvifor søkte du om skjenkeløyve?

— Eg ynskjer å få inn litt nye folk som ikkje vanlegvis går på biblioteket. Mange kjem hit og vert overraska over kor fint det er, det opplever eg kvar veke, seier Thorkildsen.

— Vi søkjer alltid etter nye måtar å formidla litteratur, og det er berre kjekt om folk kan kose seg med eit glas vin, seier ho.

Thorkildsen ser det som si lovpålagde plikt å finne på ulike aktivitetar for sveibuane. Bibliotek-loven frå 2014 seier nemleg at biblioteket skal vere ein møteplass for folk, og ho likar å sjå på biblioteket som kommunen si storstove.

— Då må vi jo gjere spennande ting som gjer at folk får lyst til å kome her, seier Thorkildsen.

Gler seg til bokbad

Ho har planen for kvelden klar allereie. Det vert Agnes Ravatn, den nye boka og ho på scena. Ravatn skal fortelje frå boka, og seinare vert stilt spørsmål frå både publikum og Thorkildsen sjølv.
Det beste frå kvelden trur Thorkildsen vert høgtlesinga.

— Når ein god forfattar les frå boka si er det nesten som å høyre eit godt musikkstykke, seier ho.

Korleis det går med løyvet star att å sjå, men bokbad vert det uansett.
Dette vert det fyrste bokbadet ho har med Ravatn i Sveio.
Vert det vellukka håpar Thorkildsen å byggje vidare på konseptet med å halde fleire såkalla litterære salongar.

— Ein til to gonger i halvåret hadde vore koseleg, seier ho.

Powered by Labrador CMS