nyhende
Bevegelse i bustadmarknaden
Etter mykje stillstand verkar det til å losna for bustadmarknaden i Sveio sentrum. Prosjektet Steinhaugmarka har fått kjøparar og kan verta realisert. Samstundes etablerer Bømlo Hus seg rett ved sidan av.
Eit stort skilt vart nyleg sette opp bortanfor soknehuset i Sveio sentrum. Det tilhøyrer Bømlo Hus og reklamerer for noko dei snart er klare til å presentera.
– Me har eit prosjekt som me snart kjem til å legga ut. Det er fire bustader og to tomannsbustader, seier Per Kåre Kallevåg i Bømlo Hus.
Som dagleg leiar i Bømlo Hus fortel han at dei har auge for nabokommunen som ligg rett over fjorden. Konkret tenkjer dei å bygga på åkeren vest for Steinhaugvegen.
– Me har bygd litt einebustader i Sveio før, men ikkje noko stort. Me håpar me skal bygga ein del i Sveio, seier Kallevåg.
Endeleg slutt på vanskar
Bustadmarknaden har mange stader i Noreg vore vanskeleg dei siste åra.
Både pandemi og krig i Ukraina har leia til auka kostnadar for byggemateriale, og generell usikkerheit i marknaden.
Då går salet av nye bustader dårlegare, noko fleire lokale aktørar fekk merka.
Men no verkar det til å ha losna litt, endeleg.
Eit prosjekt som har vore klar til å byggast, men ikkje hatt nok kjøparar til å faktisk byrja er Steinhaugmarka.
Det er planlagd på åkeren som ligg aust for Steinhaugvegen, enda nærare sentrum.
– Det har vore gåande i det siste, seier Bjørn Storebø i Blinkhus Valvatne.
Prosjektet har no selt tre bueiningar og har ein reservasjon inne på ein fjerde. Då nærmar dei seg den ønska grensa for sal som gjer at prosjektet kan byrja.
– Det losna etter relanseringa, det er kjempekjekt, seier Storebø.
Han fortel at dei har fått signal om at dei kan byrja, og venter førebels ut salsperioden som held fram til september.
Ser på fleire områder
Kallevåg fortel at Bømlo Hus derimot ikkje har tatt ei avgjersle om førehandssal.
– Avheng prosjekt-oppstart av ei viss mengde sal?
– Me ynskjer helst eit sal eller to, men me vil vurdera det når me legg det ut for sal. Me har allereie litt interesse rundt det, så reknar å få det i gang i tidleg haust, seier Kallevåg.
Det står att å sjå kor mykje utbygging det vert i sentrum. Bømlo Hus ser også på mogelegheiter eit stykke unna.
– Me har eit område bak sjukeheimen, men der venter me på kommunen, seier han.
Selskapet fortel at dei venter på at kommunen skal vedta sentrumsplanen. Først då kan dei regulera området. På tross av at ventinga er ein brems så har Kallevåg trua.
– Me satsar på å få bygga ein del i Sveio framover. Me posisjonerer oss for det, seier han.