nyhende
Betring i sikte på Austlandet, men våt helg på Vestlandet
Denne veka har ekstremvêret Hans herja på Austlandet, men meteorologen fortel at det er betre vêr i vente til helga. I nord held finvêret fram ut veka.
– Ekstremvêret Hans går no mot slutten, seier statsmeteorolog Unni Nilssen i Meteorologisk institutt til NTB. Men ho understrekar likevel at konsekvensane av ekstremvêret på ingen måte er over endå.
Likevel er dei ekstreme nedbørsmengdene på Austlandet på vikande front, og i helga er det godt vêr i sikte.
– Særleg fredag ser veldig fint ut sør for Stad og Dovre, seier Nilssen.
Austlandet kan framleis få nokre byer, men meteorologen fortel at det kan bli opp mot 20 grader helga. Det blir til dels skiftande vêr, men også lange periodar med sol, forklarer Nilssen.
Vått på Vestlandet
For Vestlandet ser det derimot ikkje like lovande ut. Her heng ekstremvêret litt igjen, noko som byr på ein del regnvêr.
– Fredag ser relativt bra ut, her òg, men elles får nok Vestlandet relativt kraftige byer i helga, fortel Nilssen.
Ho ser heller ikkje bort frå at Vestlandet får servert litt torevêr seint denne veka, men temperaturen vil gå noko opp frå fredag.
Tropenatt 16 stadar
Natt til onsdag var det tropenatt på så mange som 16 stader i Nord-Noreg. Meteorologisk institutt skriv på X/Twitter at det også onsdag ligg an til vêrrekord fleire stader i Troms.
Nilssen meiner godvêret stort sett vil halde fram, men ikkje med like høge temperaturar heile veka.
– Det ser ut til at dei høgaste temperaturane allereie har vore, men stort sett held finvêret fram, forklarer meteorologen.
Ho forklarer at det aller varmaste vêret går vidare nordover, og at Troms og Finnmark derfor kjem særleg godt ut. Nordland ligg derimot an til å få noko regnvêr.
Kan få 20 grader i Trondheim
Trøndelag har også vore til dels hardt ramma av ekstremvêret denne veka. Helga blir likevel brukbar vêrmessig, skal vi tru meteorologen.
– Det ligg an til i alle fall periodar med sol i mange dagar framover, seier Nilssen.
– Temperaturane er også ganske sommarlege. Trondheim kan fort få temperaturar opp mot 20 grader i helga, fortel ho.
Både Nordland og Trøndelag ligg likevel an til å få periodar med regn.