nyhende

Smittebølgje på Haugalandet:

Ingun Toft, kommunalsjef helse og omsorg og Ståle Andreassen kommuneoverlege.
Ingun Toft, kommunalsjef helse og omsorg og Ståle Andreassen kommuneoverlege.

Betre enn frykta til no

Smittetilfellet i Espira Solkroken barnehage på Ekrene førte ikkje til vidare smitte. Sjølv om det er høgt smittetrykk rundt oss, har ikkje Sveio blitt ramma av utbrot til no. 11 tilfelle var status onsdag morgon.

Publisert Sist oppdatert

Seint onsdag kveld i sist veke, blei det kjent at ein tilsett ved Espira Solkroken barnehage på Ekrene hadde testa positivt på korona.

Det førte til at barnehagen, med 25 tilsette og rundt 70 barn med familiar blei sett i karantene. Den tilsette hadde vore på jobb i fire dagar som smitteførande. Det tilsvarar to prosent av innbyggjarane i Sveio.

Grunna situasjonen, gjekk dei andre barnehagane i kommunen over til raudt nivå, og skulane blei stengde torsdag og fredag. Seinare blei dette utvida til å gjelda også denne veka, slik at elevane ikkje møter på skulen før påske.

– Dette på bakgrunn av kor stor påverknad eitt tilfelle hadde, og kapasitet ved testsenteret, uttalte rådmann Jostein Førre til formannskapet måndag ettermiddag.

Førebudde på mykje smitte

Første dagen med smitte i Sveio i denne omgang var det fem påviste tilfelle. Etterpå har det kome ein no og då, onsdag morgon var det totalt 11 med smitte.

– I starten såg me korleis det auka på i nabokommunane, viruset spreidde seg fort. Me var førebudde på at det ville gjera det hos oss også, men det har me ikkje erfart til no. Eg er litt forundra over at smittetalet ikkje er høgare i Sveio, seier kommunalsjef for helse og oppvekst, Ingunn Toft. Det er framleis høgt smittetrykk i regionen, ho reknar ikkje utbrotet som over enda.

Tilfellet i barnehagen spreidde seg ikkje vidare.

– Det er nok tilfeldigheiter, men òg i samanheng med godt smittevern, som det er i skular og barnehagar. Det er vanskeleg å finna eksakte forklaringar. I Haugesund har nokon møtt kvarandre på gata og blitt smitta, medan andre har vore i same rom i fleire timar, utan å bli smitta, seier Toft.

Ein har ikkje oversikt over om det er den britiske varianten sveibuen har fått, men ein går ut i frå det. Dei fleste kan sporast til utbrotet i Haugesund. Dei første sju var enkeltståande tilfelle, dei fire neste er nærkontaktar til dei sju.

Forsterka tiltak

I og med at me har eit mutert virus på våre kantar, er det bestemt nye rutinar med meir testing og karantenesetting. Tidlegare var det berre nærkontaktar til smitta som måtte halda seg for seg sjølv, men no må også husstandsmedlemmer vera i ventekarantene, fram til nærkontakten testar negativt.

– Forsterka TISK-strategi er viktig for å hindra større utbrot, men rammar tenesteproduksjon innan skule, barnehage og helse og omsorg i mykje større grad enn tidlegare. På landsbasis ser me at enkelte kommunar har blitt aldeles lamma, seier kommunalsjefen.

Til dømes har ni smitta ført til at 101 innbyggjarar i Sveio har vore i karantene eller ventekarantene – ein del av desse har arbeid innafor desse områda.

Betre enn frykta

– Det har så langt gått betre enn ein kunne frykta ut i frå trykket rundt oss. På same tid ser me at det kjem nye tilfelle i Sveio nesten kvar dag. Det dreier seg ikkje om utbrot, for det blir i liten grad smitta vidare, men potensialet er der, seier kommuneoverlege Ståle Andreassen. Dei fleste tilfella blir spora tilbake til ei kjelde.

– Det er litt for tidleg å pusta letta ut enda, Haugesund hadde 30 nye tilfelle onsdag. Det er viktig at ein held avstand, er nøye på handvask – og ikkje minst å halda seg heime om ein blir sjuk. Vêr obs på milde symptom – og ha låg terskel for testing ved symptom, oppmodar Andrassen.

Powered by Labrador CMS