nyhende
— Beste Sveio-minne er første gongen me fekk vera med på lamming
Stian Petrussen er gjest i spalta «—Hei, sveibu» denne veka.
— Eg er no i sluttfasen av eit studieforløp som vart starta via Menn I Helse. Eg går som lærling i helsearbeiderfaget i Sveio kommune.
— Kva er det beste med å vera sveibu?
— Det må vera kor tilrettelagt og tilgjengeleg naturen er for oss som likar å vera ute på tur i skog og mark. Her har DNT med fleire gjort ein strålande jobb.
— Er det noko du saknar i Sveio?
— Ein kan ikkje ha alt ein ynskjer seg i eit lite samfunn som Sveio er, men det er kort veg til Haugesund eller Stord. Men for ungdomen sin del skulle eg ynskja at det hadde vore betre busstilbod.
— Kva er ditt beste Sveio-minne?
— Som fersk sveibu (tilflytta) må det beste Sveio-minnet vera første gongen me fekk vera med på lamming. Då vart me også kjent med fantastiske menneske som tok seg tid til både oss vaksne og barn med å svara tålmodig på spørsmål som me byfolk hadde til dei.
— Kven i Sveio vil du framsnakke, og kvifor?
— Eg vil heilt klart framsnakke alle frivillige, ikkje berre i Sveio, men heile Noreg. Utan frivillige hadde Norge vore eit fattigare land. Dei frivillige som eg legg godt merke til, er dei som er på Sveio omsorgssenter og skapar ein betre kvardag for eldre og sjuke.