nyhende

Sveio skule.
Sveio skule.

Berre tre vil bli rektor på Sveio skule

Fristen for å søkja på stillinga som rektor ved Sveio skule er gått ut. Det har meldt seg tre søkjarar.

Publisert Sist oppdatert
  • Lene Lier (48) undervisningsinspektør, Sveio.
  • Mikkel Sibe (22), nestleiar, Enebakk
  • Jonathan Müller (26), design director, Windhoek (Namibia)

Lene Lier er for tida er stadfortredar for rektor for Ben Jerry F. Ellingsen som har gått over i stillinga som avdelingsleiar for vaksenopplæringa ved Karmsund videregåande skole.

Stiller seg undrande

– I Vindafjord var det berre to søkjarar til rektorstillinga i Skjold, i Sveio tre. Dei siste året har det vore mange rektorskifte, det gjeld på heile Haugalandet, og eg stiller meg undrande til kva det er som gjer det. Eg synest det trist at det er så få søkjarar, at ikkje fleire har lyst å påverka ei så viktig oppgåve som det å bidra til gode skular. Me veit det er mange kompetente lærarar der ute som utvilsamt kunne gjort ein god jobb, seier Elisabeth Nygaard, kommunalsjef skule, barnehage og kultur i Sveio.

– Korleis går tilsettingsprosessen vidare?

– Det er rekrutteringsbyrået Human AS som styrer rekrutteringsprosessen. Kva tid me kan innstilla er vanskeleg å seia. No køyrer me prosess med dei aktuelle søkjarane med intervju, og håpar me får ei rask avklaring på om ein av kandidatane blir innstilt. Viss ikkje må me til med ein ny søkjarrunde, opplyser Nygaard.

Aukande elevtal

Sveio skule har neste skuleår omlag 294 elevar på 1.-7. trinn, og ved ungdomsskulen er det omlag 233 elevar. Sveio skule har 27 fleire elevar enn skuleåret 2020/21. Det er omlag 80 tilsette i 70 årsverk.

Powered by Labrador CMS