nyhende
UP kontrollerte 200 køyretøy på Haukås onsdag. Foto Thomas Vallestad Drageset
Berre lovlydig køyring
Utrykningspolitiet avdekka ingen lovbrot under ein trafikkontroll på E39 ved Haukås onsdag ettermiddag.
UP hadde denne gongen fokus på rus. 200 køyretøy blei stoppa og førarane kontrollerte. Ingen av dei blei tekne for køyring i rusa tilstand, får me opplyst ved Haugesund politistasjon.
Vestavind er ei uavhengig lokalavis for Sveio kommune i Vestland fylke. Avisa blei stifta i 1986, er på nynorsk og har papirutgåve ein gong i veka. Vestavind arbeider etter Redaktørplakaten og Ver Varsam-plakaten sine retningslinjer for god presseskikk.
Det er ikkje tillatt å kopiera frå denne sida eller legga ut skjermdump av artiklane til Vestavind. Me gjer merksam på at denne nettavisa blir samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.