nyhende

Asle Georg Halleraker meiner et fylkesbyte til Rogaland er den einaste garantien for at ungdom frå Sveio i framtida kan søke til vidaregåande utdanning i Haugesund.
Asle Georg Halleraker meiner et fylkesbyte til Rogaland er den einaste garantien for at ungdom frå Sveio i framtida kan søke til vidaregåande utdanning i Haugesund.

– Berre fylkesbyte gir skulegaranti

Utvalsleiar for oppvekst og kultur i Sveio, Asle Georg Halleraker (Ap) meiner Sveio-ungdomen vil vere best tent med at kommunen blir ein del av Rogaland fylke. — Ingen er garantert skuleplass i Haugesund om Sveio blir verande i Vestland, åtvarar han.

Publisert Sist oppdatert

I eit lesarbrev i Vestavind tek Asle Georg Halleraker (Ap) til orde for eit fylkesbyte frå Vestland til Rogaland. Det gjer han i kjølvatnet av at hans partikollega og ordførar Linn Therese Erve, saman med varaordførar Ruth Eriksen (Frp), sist veke gjekk ut i avisa og argumenterte for at det er best å bli verande i Vestland fylke.

Halleraker seier at han respekterer dei personlege standpunkta Erve og Eriksen har tatt. Men meiner samstundes at den offentlege debatten har fått ei viss slagside. For slik Halleraker ser det, er det flest røyster frå dei som vil bli verande i Vestland som har gripe ordet.

— Difor tok eg tastaturet fatt no, fordi nokon må kunne målbera eit synspunkt om at Rogaland er det beste valet for Sveio, utan å risikere å måtte bli «sabla ned», seier han.

90 prosent i Haugesund

Halleraker jobbar til dagleg som lektor ved Skåredalen ungdomsskole i Haugesund. Fritida går mykje til politikk, kor oppvekstvilkåra for barn og unge er ei av sakene han brenn mest for. Han sit i Sveio kommunestyre i sin andre periode, og er leiar for hovudutval for oppvekst og kultur. Og også i spørsmålet om kva fylke Sveio bør vere ein del av i framtida, er det framtida for dei unge som veg tyngst når han konkluderer med at det beste er å bli ein del av Rogaland, der om lag 90 prosent av Sveio-elevane no går.

Det er dei unge sveibuane sin mogelegheit til å gå på vidaregåande skule i Haugesund han meiner er det aller viktigaste argumentet for at fylkesgrensa mellom Sveio og Haugesund bør viskast vekk.

— Mange seier at ungdomar frå Sveio alltid har fått lov til å gå på vidaregåande skule i Haugesund, og det ikkje blir noko endring på det. Men det er jo ikkje slik at det finst ein garanti for det. Tvert om, åtvarar Halleraker.

Han viser til at då spørsmålet om kjøp av skuleplassar i Haugesund var til politisk behandling i Vestland sist gong, så var det berre ei enkelt røyst som sikra fleirtal for at ordninga vart vidareført.

– Blir Sveio verande i Vestland, vil det til ei kvar tid vere opp til politikarane i Vestland om ein skal kjøpe skuleplassar i Haugesund eller la vere for å sikre Vestland fylke sine eigne vidaregåande skular. Det einaste som kan garantere for at Sveio-ungdom framleis får tilbod om skuleplass i Haugesund, er at Sveio blir ein del av Rogaland fylke, meiner han.

Ubrukt potensial

I lesarbrevet trekker Halleraker også fram at han slett ikkje er sikker på at Sveio er best tent med å ha ein fot i kvar av dei to regionråda på Haugalandet og i Sunnhordland, noko ordføraren og varaordføraren legg vekt på i sine argumentasjonar for å bli verande i Vestland.

— Det er i utgangspunktet ein god tanke at Sveio er representert både i  Regionrådet for Haugaland og i Samarbeidsrådet for Sunnhordland, som i dag. Men har me sett tilstrekkeleg effekt av dette for Sveio? spør Halleraker.

Han trur at det fins ubrukt potensial med å bli haugalendingar fullt og heilt.

— Til dømes i spørsmål inn mot planmyndigheiter, samferdsel, kollektivtilbod og nytt fengsel på Haugalandet, seier han.

Halleraker legg til at han ikkje kan sjå nokon faktabaserte ulemper for Sveio kommune å byte fylke til Rogaland, noko han meiner også vert støtta av Telemarksforsking sitt objektive blikk på spørsmålet.

— Når fakta også har vist at bøndene si frykt for å få dårlegare rammevilkår i Rogaland enn i Vestland er nokså vage, så landar eg på at det luraste er å røyste for å byte til Rogaland, seier han.

Halleraker håpar at så mange som mogeleg finn vegen til valurnene i førehandsrøystinga og på sjølve valdagen 10. januar, slik at politikarane har eit så solid mandat som mogeleg frå innbyggarane når dei skal ta si avgjerd. Sjølv lovar han å lytte til resultatet frå røystinga, også om fleirtalet vil bli verande i Vestland fylke.

– Vi må lytte til folket. Om det blir slik at eit godt fleirtal av sveibuane, og høg valdeltaking frå alle krinsar, har røysta, så har eg ingen problem med å akseptere resultatet av ei folkerøysting, og stemme for det folket har sagt, seier han.

Powered by Labrador CMS