nyhende

Dronefoto Sveio kyrkje sentrum fjellstad19. april 2021
Sveio kyrkje.

Berre 35 får kome i kyrkja julaftan

Med eit tak på 50 personar, inkludert korps, blir det berre om lag 35 tilhøyrarar som får plass i kyrkjebenkene i Sveio og Valestrand julaftan. Men gudstenestene blir strøymde på internett.

Publisert Sist oppdatert

Jula i Sveio-kyrkjene

Slik blir julegudstenestene:

Julaftan:

• 14:00 Valestrand kyrkje

• 15: 00 Sveio kyrkje.

1. juledag:

• 12:00 Sveio kyrkje

Nyttårsaftan:

• 23.15: Sveio kyrkje.

1. nyttårsdag

• 18.00 Valestrand kyrkje

MERK: Det er påmelding til gudstenestene julaftan og 1. juledag. Ikkje nyttårsaftan.

Det er dei tilstramma nasjonale smittevernreglane som gjer at det det blir få som kan oppleve julegudstenester i Sveio-kyrkjene i år.

Prioriterer korpsa

Det blir til og med færre enn julaftan i fjor, då det også var innstrammingar.

— I fjor var det 50 personar i tillegg til korpset som kunne opphalde seg i kyrkja. I år blir det 50 inkludert korpset, fortel sokneprest Arild Steinsland.

— Kvifor blir korps prioritert når det er så få plassar?

— Sveio er ein korpskommune de luxe, og det er lang tradisjon for at korpsa speler i kyrkjene julaftan. Det ønskjer me å halde fast på, forklarar han.

Arild Steinsland er sokneprest i Sveio.

Men barnekor, som det også er tradisjon for å ha i Sveio-kyrkja, blir det ikkje i år. Også det på grunn av plass-restriksjonane.

— Det er leit at det blir slik. Meen heldigvis fekk me gjennomført lucia-konsert med barnekoret 13. desember, altså dagen før smittevernkrava vart stramma inn, seier han.

Soknepresten legg til at han ser døme på at det no er mange arrangement som opplev at folk vel å bli heime, uavhengig av tak på tilhøyrarar, av omsyn til pandemi og smittefare.

— Det såg me også i kyrkja julaftan i fjor. Sjølv om det då var plass til 50 i Valestrand kulturkyrkje, så vart det ikkje fullt. Det var om lag 40 personar på kvar av julfaftangudstenestene då, fortel han.

Det blir ikkje gudstenester i Førde eller på Eikeland i år. Den tradisjonelle gudstenesta på Sveio omsorgssenter julaftan går også ut.

Påmelding på telefon

Dei som ønskjer å kome på gudstenesta julaftan eller 1. juledag må melde seg på ved å ringe soknekontoret.

— I fjor hadde med digital påmelding, men me fekk tilbakemelding frå fleire som ikkje brukar internett om at det ikkje var noko god løysing. Det har me vald å høyre på i år, fortel han.

Gudstenesta nyttårsaftan har ikkje påmelding.

Soknepresten legg til at gudstenestene julaftan og 1. juledag blir strøymde på internett, slik at alle som vil får høve til å oppleve både preste sin preike og juletonane frå korpsa.

Powered by Labrador CMS