nyhende
Bergar rådyrkje frå slåmaskinane
Ei gruppe innan Tysvær Jeger og Fiskeforening har spesialisert seg på å berga ut rådyrkje frå engene før slåtten tar til. Det er fjerde år på rad dei tilbyr denne tenesta, både i eigen kommune og i Sveio.
– Til no i år har me berga mellom 70 og 80 kje. Interessa for tilbodet har vore heller liten i Sveio, men nyleg berga me to kje på ein gard nord for Førde. Både i fjor og i år har me også vore på ein gard på Vandaskog. Der berga me to kje i fjor. I år fann me ingen der, fortel Knut Ivar Skogland.
Han seier Tysvær Jeger og Fiskeforening tilbyr denne bergingstenesta i nabokommunar som Sveio fordi ingen andre gjer det.
10.000 drepne årleg
Skogland er ein av dei frivillige som brukar mykje tid på denne tenesta i nokre hektiske veker medan førsteslåtten pågår. Kvart år blir 10.000 rådyrkje drepne eller så hardt skadde at dei må avlivast. Kjea gøymer seg i graset og har ingen sjanse når slåmaskinen kjem mot dei med ein fart på tolv kilometer i timen. Det er denne dystre statistikken Skogland og dei andre frivillige vil gjera noko med.
– Me har no tre droner som me brukar i dette arbeidet. Når me flyg hundre meter over bakken er det lett å oppdaga kjea i graset. På fem minuttar flyg me over eit nokså stort område, fortel Skogland.
Kostbart utstyr
Dronepilotane kan vera åleine på slike oppdrag, men ofte er dei to i lag. Det hender også at bøndene deltar i leitinga etter dyr i graset.
– Nokre bønder er så engasjerte at dei nektar å slå før enga er gjennomsøkt for rådyr. Det er ikkje noko triveleg for dei heller å avliva kje som er maltrakterte av slåmaskinen, seier Skogland vidare.
Kvar av dronene med termiske kamera som jeger- og fiskeforeininga disponerer, kostar mellom 70.000 og 80.000 kroner. Dei tre dronene er finansierte med tilskot frå Sparebankstiftelsen, Rogaland fylkeskommune, Equinor, viltfondet til Tysvær kommune og gjennom ein Spleis.
Gratis tilbod
Tilbodet frå Tysvær Jeger og Fiskeforening er i utgangspunktet gratis, men ein del bønder støttar arbeidet med frivillige bidrag.
– Me gjer dette arbeidet på dugnad, men vil gjerne ha dekning for køyreutgifter og litt pengar til kaffi. Sjølv køyrer eg 1.500 kilometer kvart år i samband med dette arbeidet og vil gjerne ha godtgjering for det. Elles er dette frivillig dugnadsarbeid.
– Kva er drivkrafta dykkar for å gjera dette arbeidet på dugnad?
– Folk flest tenkjer kanskje at jegrar er mest opptekne av å skyta og drepa dyr. Sanninga er at dei flest av oss er svært glade i dyr og vil at naturen skal få vera natur. I dag opplever me ei naturkrise som er vel så alvorleg som klimakrisa. Meir og meir av naturen blir bygt ned og dei ville artane blir fortrengte. Forsvarleg jakt er å hausta av overskotet. Når nyfødde kje blir drepne er det ikkje noko overskot å hausta av, seier Skogland.
Sjølv om rådyrstamma på Haugalandet er solid og talrik, peikar han på at desse dyra har fleire fiendar. Raudreven er ein av dei. Dessutan er talet på påkøyrde rådyr svært høgt både i Rogaland og Vestland.