nyhende
Berga ned frå fjellet i siste time
Ei gruppe på elleve sauesankarar fekk laurdag kveld store utfordringar oppe i fjellheimen ved Øvre Eidfjord. Fire personar var så utmatta og nedkjølte at dei måtte hentast ned med helikopter. Resten av følgjet fekk hjelp av Røde Kors og andre frivillige til å koma seg fram til ein fjellstøl, før dei neste dag blei frakta ned med helikopter.
Naturkreftene viste seg frå si verste side, og det kunne gått skikkeleg galt, viss ikkje dei fire mest nedkjølte var blitt henta ut med helikopter.
VG omtalte hendinga laurdag kveld.
Det bekreftar sauebonden frå Sveio som Vestavind snakka med seint måndag kveld. Vedkomande har vore mange gonger i det aktuelle området, men aldri opplevd noko liknande. Denne gongen var han kjentmann i eit følgje på i alt elleve personar i alderen 17-78 år. Sju av personane er frå Sveio, dei andre høvesvis frå Karmøy, Bryne og Oslo.
Her fortel han i detalj korleis han opplevde det då dei i 1200 meters høgde opplevde ekstremt krevjande vêr:
Ekstrem vassføring
– På fredagen gjekk fire av oss inn i fjellet for å samla sau i ytterkantane på beitet. Neste morgon kom sju personar til, førte inn med helikopter. Heile dagen dreiv me å sanka sau. Veret var dårleg; me opplevde alt frå regn, sludd, hagl og snø, og sjølv den minste bekk blei til ei stor elv. Regnvêret førte blant anna til at det blei vanskeleg å få dyra med oss over over to bruer. Då gjekk tida frå oss.
Svima av
Då skjøna eg at det gjaldt å få sauene inn i samlehegninga, og i staden fokusera på nedturen. Me så gjorde, men etter ein tøff tur oppover bakkane svima ein person av.
Eg var kjentmann i følgjet og kunne ikkje gå frå den sjuke personen. Eg kunne heller ikkje sleppa ukjente folk ut i terrenget åleine. Me måtte halda ilag. Den næraste hytta var eit par timars gange unna, men med den tilstanden som nokre var i, var ikkje det aktuelt. Dermed blei 113 og politi kopla inn.
Hjelp på veg
Me var godt utstyrte, men våte og nedkjølte etter å ha stått i elvar opp til skrevs i forsøk på å få sauene over. Det var til tider snøstorm og ikkje moglegheiter til å søka livd, fleire av oss fekk det svært tøft.
Til alt hell klarte eit lokalt helikopter frå Airlift Kinsarvik å landa, og tok med dei fire personane som det stod verst til med. Diverre kunne helikopteret berre ta denne eine turen.
Etter ei tid kom eit Sea King helikopter over hovuda på oss, men veret var for heftig til at det kunne landa. Redninga blei Røde Kors sine bakkemannskap. Ved 3-tida natt til laurdag, kom me fram til stølsplassen Krokane. Der blei det gjort opp varme og me fekk i oss varm mat.
Neste dag fekk me helikopterskyss ned til sivilisasjonen. Samstundes sørgja Røde Kors, andre frivillige, og bondekollegaer frå lokalområdet for å få sauene våre ned til samhegna. Dei gjorde ein fabelaktig innsats, skryt sveibuen. Han har vore i hardt vêr på fjellet før, men denne gongen var det spesielt.
Frostskader
– Korleis står det til med dei som blei frakta ned med helikopter?
– Personen som svima av har fått frostskader i beina, men me trur det skal gå bra. Me var heldige som fekk dei mest nedkjølte ned frå fjellet, elles kunne det gått skikkeleg ille, medgir sveibuen. I følgjet hadde han med seg to av sønene og eldste dotter si. Kona og yngste dottera var til alt hell ikkje med oppe på høgfjellet, men samla sau i eit område nær veg og sankehegna.
Familiefaren er klar på at han ikkje har teke skrekken, men skal opp i fjellheimen igjen.
– Dette har me gjort i ei årrekkje, og normalt går alt på skinner. Dette har berre gitt meg ei erfaring rikare, fastslår hardhausen frå Sveio.
Kartutsnittet viser omtrent kor Ovaldsnuten er.