nyhende

Etter fleire år med kraftig auke i talet på brannrelaterte oppdrag var det ein nedgang på 11 prosent i 2021 samanlikna med 2020. Foto: Redningsselskapet.
Etter fleire år med kraftig auke i talet på brannrelaterte oppdrag var det ein nedgang på 11 prosent i 2021 samanlikna med 2020.

Berga 31 liv og 83 fartøy i fjor

Redningsselskapet gjorde tett oppunder 9.000 oppdrag i 2021. Det er ny rekord for den 130 år gamle organisasjonen.

Publisert Sist oppdatert
NPK: Det vart i alt 8.933 oppdrag i 2021, medan tala for 20220 var 8.502 og 7.864 i 2019.

Redningsselskapet har over 90 redningsskøyter og fartøy. 60 prosent av oppdraga var i perioden mai til august. Juli var som vanleg den travlaste månaden med eit snitt på 59 oppdrag i døgnet.

Auka trafikkvekst

– I vårt 130. år står Redningsselskapet sterkare enn nokon gong. At vi nærmar oss 9.000 oppdrag for første gong, speglar også ein auka trafikkvekst i det som var ein historisk båtsommar, seier Tobias Bang-Hansen, direktør for avdeling Sjø i Redningsselskapet.

I 2021 berga Redningsselskapet 31 liv og 83 fartøy. Over 17.000 personar og nærmare 6.000 fartøy fekk hjelp. Dette er tal som er på nivå med dei to føregåande åra, men ein liten auke talet på assisterte fartøy med 4,5 prosent.

– Dei faste og frivillige mannskapa har løyst det samfunnsoppdraget vi har ansvaret for, på ein mønsterverdig måte. Dei har løyst dei utfordringane som følgjer av ein markant auke i talet på båtar langs kysten og på dei største innsjøane våre, seier Bang-Hansen.

Framdriftshavari

Framdriftshavari er den klart største enkeltårsaka til at folk og fartøy treng assistanse på sjøen. I 2021 rykte Redningsselskapet ut over 3.500 gonger til båtar som trong hjelp som følgje av framdriftshavari.

Ser ein 2021-tala opp mot tala for 2019 er det i løpet av to år ein auke i talet på framdriftshavari med 15 prosent.

Dei siste åra har det vore ein jamn auke i talet på grunnstøytingar. Frå 2019 til 2020 var denne auken på heile 17 prosent. Talet i 2021 var på 2020-nivå.

Dei siste åra har det også vore ein kraftig auke i talet på brannrelaterte oppdrag på sjøen. I 2021 deltok Redningsselskapet på 449 slike oppdrag, og det er ein auke på 40 prosent i forhold til 2019. I forhold til 2020 var ned ein nedgang på 11 prosent.

(©NPK)

Redningsselskapet hadde eit historisk travelt år i 2021.

Powered by Labrador CMS