nyhende
– Beredskap er ikkje lagring, men produksjon
Noreg er eitt av dei minst sjølvforsynte landa i verda. Sjølvforsyningsgrada ligg i dag på om lag 40 prosent trass i at land med mindre matjord nesten ikkje treng å importere noko mat.
– Det er merkeleg. Det blir ofte snakka om at ein av grunnane til at vi har låg sjølvforsyningsgrad er at vi har så lite matjord i Noreg. Faktum er at vi har meir matjord per innbyggjar i Noreg enn dei til dømes har i Tyskland – der sjølvforsyninga er på om lag 90 prosent, seier Anders Nordstad til Nynorsk pressekontor.
Han er siviløkonom og tidlegare generalsekretær i Norsk Bonde- og Småbrukarlag. I dag driv han «Anders Norstad Blogg» der han skriv om landbruk, mat, politikk og andre samfunnsaktuelle tema.
Eit landbruk basert på import
Nordstad meiner mykje av grunnen til at vi har låg sjølvforsyning kjem av at produksjonen av kjøt, og då særleg kyllingkjøt, har auka kraftig.
– Dei produkta er etterspurde. Vi importerer mesteparten råvarene som går med til å produsere kyllingen. Det betyr at sjølv om vi produserer meir kylling i Noreg, så gir det liten effekt på sjølvforsyninga vår, seier Nordstad
Han peikar òg på at effektivisering i landbruket har ein del av skulda.
– Jordbrukspolitikken har i lang tid blitt styrt i retning av at produksjonen skal effektiviserast og gjerast meir kostnadseffektiv. Det gjer blant anna at vi får redusert bruken av eigne matressursar. 15 prosent av jordbruksarealet i Noreg er lagt brakk no. Det ikkje er kostnadseffektivt nok å drive landbruk i utmark – slik politikken har definert det. Det blir billigare å importere råvarer enn å utnytte ressursane her heime fullt ut.
– Ikkje beredskap, men hamstring
Frå hausten av legg regjeringa opp til å starte etablering av beredskapslagring av matkorn tilsvarande to til tre månadars forbruk. Nordstad meiner eit slikt mål ikkje har noko med beredskap å gjere.
– Det regjeringa legg opp til er ikkje beredskap, men hamstring. Den einaste verkelege beredskapen vi har er eigenproduksjon av matkorn. Å importere litt matkorn og putte det i ein silo i Noreg eller ein annan plass aukar ikkje beredskapen.
Han meiner difor det er rart av regjeringa å sette eit mål på to til tre månader.
Eigenproduksjon
– Vi har ein eigenproduksjon av matkorn som svingar frå år til år. Enkelte sesongar utgjer produksjonen av matkorn ein sjølvforsyningsgrad på mellom 70 og 80 prosent. Når det er hausta vil ein ha beredskap i ganske mange månader framover. Difor syns eg det er rart at ein lagar ei målsetting uavhengig av vår eigen produksjon, seier Anders Nordstad.
Sagt med andre ord: I år med dårleg eigenproduksjon vil ein trenge eit stort beredskapslager, men i sesongar kor vi nesten er sjølvforsynte er det ikkje sikkert ein treng eit lager i det heile.
– Eg syns ein må tenkje seg om ein gong til før ein bestemmer at to til tre månader er passe. Det lageret er heilt avhengig av løpande eigenproduksjon i Noreg over tid, avsluttar siviløkonomen.