nyhende

Denne gamle bussen skal ha stått parkert ved Gullvegen i heile sommar. Tysdag var den fjerna. FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Denne gamle bussen skal ha stått parkert ved Gullvegen i heile sommar. Tysdag var den fjerna.

Ber politiet fjerne forlaten buss

Ein buss har stått parkert og forlaten ved Gullvegen i fleire veker. No har kommunen bedt politiet ta affære.

Publisert Sist oppdatert

Det er ved fylkesveg 541 (Gullvegen), like vest for Ekrene at nokon har satt frå seg ein tilårskomen buss.

Ein privatperson tipsa kommunen om den uortodokse parkeringa tidleg i juli. Då skal bussen, som er utstyr med utgåtte prøveskilt, ha stått der i fem veker.

Tilhengjar med søppel

Privatpersonen håpar at kommunen har makt og midlar til be eigaren rydde opp.

Det har dei ikkje, ifølgje konstituert rådmann i Sveio, Ingunn Toft.

Også denne tilhengjaren, som er full av skrot, har nokon parkert ved Gullvegen, like ved bussen.

— Det er politiet som handterer kva som skal skje med køyretøy som er forlatne. Me har sendt ein oppmoding om å fjerne køyretøyet til dei, seier ho til Vestavind.

— Skal ikkje ta lang tid

Seksjonsleiar for forebygging og patrulje ved Haugesund politistasjon, Leif Helge Stølen, seier på generelt grunnlag at det ikkje skal gå lang å få fjerne køyretøy når det kjem ei oppmoding frå enten privatperson eller kommune om borttauingg så lenge lenge køyretøyet står på privat eller offentleg grunn.

— Det kan ta cirka 14 dagar, då vi først prøver å få kontakt med eigar av køyretøyet, seier han.

mapboxgl.accessToken = 'pk.eyJ1IjoiYXBwZXhwdWJsaXNoIiwiYSI6ImNqeG9ma3JpazA1b2Uza252enk1eXV4eGsifQ.9jSguhytg3SKhZO9HHjlVw'; var map = new mapboxgl.Map({ container: 'map-9177', // container id style: 'mapbox://styles/mapbox/streets-v11', // stylesheet location center: [5.317668458452658, 59.49365146168242], // starting position [lng, lat] zoom: 14.98229682065675 // starting zoom }); map.addControl(new mapboxgl.NavigationControl()); var el = document.createElement('div'); el.className = 'marker'; el.style.backgroundImage = 'url(https://vestavind-sveio.no/wp-content/themes/appexpublish/images/marker.png)'; el.style.backgroundSize = 'cover'; el.style.width = 42 + 'px'; el.style.height = 42 + 'px'; new mapboxgl.Marker(el) .setLngLat([5.31794005460759, 59.493072469901534]) .addTo(map); map.on("wheel", event => { if (event.originalEvent.ctrlKey) { return; } if (event.originalEvent.metaKey) { return; } if (event.originalEvent.altKey) { return; } event.preventDefault(); }); map.on("load", event => { window.dispatchEvent(new Event('resize')); })
Powered by Labrador CMS