nyhende

Ber om meir tid til å finna driftsløysing for badeanlegget

Rådmannen ber politikarane om ein pause i framdrifta på badeanlegget, for å finna ein berekraftig driftsmodell. For å få ned kostnadar er anlegget redusert både i storleik og innhald, same tid har prisen auka med 12 millionar kroner.

Publisert Sist oppdatert

Eit badeanlegg i Sveio vil gi eit nytt og positivt tilbod til innbyggjarane i Sveio, i alle aldersgrupper. Det kan vera med å leggja til rette for nye, eller utvida aktivitetstilbod og fungera som ein sosial møteplass. Men, det er ei stor utfordring i prosjektet, og det er korleis kommunen skal handtera kostnadar til drift og finansiering i åra som kjem.

6,1 millionar årleg

Å halda badeanlegget i drift vil årleg kosta 6,1 millionar kroner.

– Eksisterande prosjektportefølje samt eksisterande og venta utfordringar i tenestene gjer at Sveio kommune vil ha ein økonomisk situasjon som truleg ikkje er gjennomførbar innafor rammer og tilbod ein gir i dag, skriv rådmann Jostein Førre i saka til politikarane.

Slik ser arkitektfirmaet Vikanes Bungum for seg at ein ny symjehall ved Vigdartun og sentralidrettsanlegget kan sjå ut.

Etter ei samla vurdering rår rådmannen til at ein ventar med vidare teknisk planlegging og utlegging av anbod til ein har funne ei driftsløysing som er i tråd med kommunestyret sine tidlegare føresetnadar om økonomisk ramme for drift av badeanlegg.

Sjølv om ein oppnår eit anlegg og drift som er innafor desse føringane, vil kommunen vera nøydd for å skapa eit økonomisk handlingsrom med redusert ressursbruk i andre tenester.

Tre opsjonar

Badeanlegget er nå redusert i både storleik og innhald for å få ned kostnadane. Småbarnsbasseng og stupeanlegg er kutta ut, garderobane mindre, det same med kjøken og kiosk. Temperaturen i bassenget er også justert for å gjera det tekniske anlegget rimelegare, 27-28 grader reknar ein med at hovudbassenget vil ha.

Skisseprosjekt for svømmehall i Sveio mellom Vigdartun og fotballbane. Svømmebasseng 25 m med opsjon opplæringsbasseng og klubbrom. Utarbeida av Vikanes Bungum Arkitekter AS

Det vil vera tre opsjonar ein kan velja vekk for å få lågare kostnad; opplæringsbasseng med rullestolrampe og høgare vasstemperatur, klubbrom og vassklie.

Medan tida har gått, fører prisstigning til at ein no må rekna med å betala 92 millionar kroner for anlegget inkludert opsjonar, som i si tid opphavleg var berekna å kosta 80 millionar kroner.

Tomta er regulert

Måndag skal politikarane i kommunestyret ta stilling til nødvendige avklaringar i forhold til framdrift og justering av kostnadsramme.

Sist gong saka var oppe til behandling i kommunestyret, var i april 2020. Rådmannen ba då om at prosjektet blei innstilt grunna manglande økonomisk handlingsrom, men fleirtalet i kommunestyret gjekk for å vidareføra arbeidet. På same tid blei bede om at ein skulle jobba for å finna ein berekraftig driftsmodell snarast.

Eitt år og vel så det seinare er tomta ved Vigdartun regulert, men ei optimal driftsløysing har ikkje blitt funne. Rådmannen ber derfor om at den tekniske planlegginga og utlegging av anbod ventar, til ein ekstern konsulent kan presentera ulike driftsløysingar i løpet av hausten.

Foreslo å vidareføra planlegginga

Saka som kommunestyret får 14. juni, har vore til behandling i formannskapet, der Håkon J. Skimmeland (Ap) løfta fram eit alternativ framlegg til vedtak, som held på framdrifta og godtar prisjusteringa.

I forslaget frå Skimmeland, ligg det også inne at Sveio kommune skal leggja til rette for idrettshall ved sidan av badeanlegget.

Dei tre Ap-representantane i formannskapet stemde for Skimmeland sitt forslag, men det falt mot fire motstemmer, som gjekk inn for rådmannen si innstilling.

Powered by Labrador CMS