nyhende
Ber om løyve frå kommunen til å fjerna gamal steingard
Grunneigar Karl Lier ønskjer å fjerna restar av ein gamal steingard på garden sin på Lier. Han vonar Sveio kommune vil godkjenna planane.
Steingarden Karl Lier ønskjer å riva er 32 meter og ligg på eit dyrka område på rundt fire dekar. Gråsteinsmuren markerte i si tid grensa mellom bruksnummer 1 og 2 på Lier, men har blitt splitta opp i fleire omgangar frå tidlegare tider og eigarar. Siste store inngrep i terrenget var nye Tjernagelvegen.
Auka effektivitetskrav
«Ved å fjerna steingarden vil det avhjelpa betydelege driftsmessige ulemper», heiter det blant anna i søknaden Karl Lier har sendt Sveio kommune. Han overtok heimegarden i 1999, og har seinare kjøpt tilleggsjord. Hovudnæringa på garden er mjølkekyr og sau.
Auka effektivitetskrav i landbruket, oppkjøp og leige av tilleggsjord og stadig større maskiner gjer at mange steingarder sperrer for rasjonell drift. Det å fjerna dei er eit inngrep i kulturlandskapet, og må godkjennast av lokale landbruksmyndigheiter.
Fem-seks slike saker i året
Torsdag denne veka var Geir Ragnhildstveit, seniorrådgjevar, plan- og næringseininga i Sveio kommune, på synfaring på Lier.
– Me har berre nokre få slike saker i løpet av året om inngrep i kulturlandskapet som kan gjelda steingardar og anna. Dette er saker som det ikkje er søknadsplikt på etter anna regelverk, men som må vera avklara etter forskrift om produksjonstilskot, opplyser Ragnhildstveit.
Vedtaket om Sveio kommune har merknader til søknaden om å fjerna steingarden blir avgjort administrativt i kommunen. Ifølgje Ragnhildstveit blir dei fleste søknadane imøtekomne.