nyhende
Ber om hjelp til å finne ut kva dette er
Dagfinn Fagerland Bjørge i Sveio kommune fortel at dei under arbeid med plantegropa til det nye tuntreet ved Valen kapell, fann ein gjenstand som truleg er ein del av eit gammalt gravminne og som dei vil sjå nærare på.
— Gjenstanden vart funne i jorda i området ved treet, omlag ein halv meter under jordflata. Det er nok eit gravminne, seier Bjørge.
Bjørge trur det er laga av marmor. Kommunen vil sjå nærare på funnet, og håpar at Vestavind sine lesarar kan bidra til å løyse mysteriet.
Veit du kva det kan vere? Tips Vestavind! Send e-post til tips@vestavind-sveio.no eller ring oss på 53740180.