nyhende

Bedehuset i Auklandshamn. FOTO: GUNNHILD LØNNING
Bedehuset i Auklandshamn.

Ber om hjelp til å fiksa kjøkenet

Kjøkenet på bedehuset i Auklandshamn treng fornying snarast. — Når ein dreg ut ei skuffe, veit ein ikkje om ein får skuffa på plass att, seier Wilhelm Jacobsen i det nyoppretta husstyret på bedehuset i Auklandshamn.

Publisert Sist oppdatert

Bedehuset vart bygt i 1976 og vert flittig brukt til både barnedåpar, konfirmasjonar, bursdagsfeiringar og minnestunder i samband med gravferder.

Bygget vert òg flittig brukt til basarar, korpsøvingar, strikkeklubbar og møte. I tillegg er både Yngreslaget og misjonsverksemda NLM faste brukarar av huset.

Med andre ord: Aktivitetsnivået er høgt, noko som gjer hyppig vedlikehald desto viktigare.

— På høg tid

Det er det nyoppretta husstyret som driv vedlikehald av bedehuset. Husstyret er sett saman av Wilhelm Jacobsen, Tor Helge Hardeland, Bjørn Brynjulfsen, Alf Gunnar Stueland og Johnny Stueland.

Bedehuset er stort sett i god stand, men kjøkenet treng fornying.

— Det har lenge vore snakk om fornying, men no er det på høg tid at ein set i gang, seier Jacobsen.

No er det mykje som vitnar om at kjøkenet ber preg av «tidens tann»: Skaphyllene er bøygde av tyngda på serviset, og Jacobsen fryktar at dei kan rasa saman om dei vert ståande slik altfor lenge. I tillegg er skuffene slitne. Nokre av dei heng skeivt, medan andre er vanskelege å få på plass.

Ein mindre lekkasje i vasken gjer at det dryp konstant.

Blandebatteriet på vasken er òg avhengig av ei aldri så lita oppgradering. Det dryp frå krana, og det er ikkje mogleg å skru henne att.

Startar innsamling

— Korleis ser du føre deg at eit eventuelt nytt kjøken skal sjå ut?

— Planen er å utnytta plassen ved å erstatta skapa med høgskap. Om me får pengar til det, vil me òg få inn eit lite kjølerom i det eine hjørnet, i tillegg til ei kjøkenøy i midten av rommet. Vasken må erstattast med ein ny og solid stålvask, svarer Jacobsen.

I hjørnet til venstre er det planar om å få til eit kjølerom. Skapa skal erstattast med høgskap. Vasken må òg fornyast.

Som kjent er både drifts- og straumutgifter høgare no enn før, noko som òg råkar bedehuset i Auklandshamn. Eit nytt kjøken er difor avhengig av dugnadshjelp frå resten av bygda.

— Det har me gode røynsler med i bygda vår, seier Jacobsen og legg til:

— Me i husstyret vil prøva å få inn midlar til fornying av kjøkenet. Me jobbar med å få til ein innsamlingsaksjon og inviterer husstandane i bygda til å gjeva ei gåve.

Powered by Labrador CMS