nyhende
Ber om hjelp mot giftig ugras
Kommunen oppmodar sveibuar til å gjere det dei kan for å verte kvitt ugraset Landøyda. – Ta i eit tak og hjelp til med å avgrensa spreiing av planta, heiter det i ei pressemelding.
Landøyda er ei planta som reknast som ugras. Det vitskapelege namnet på latin er Jacobaea vulgaris. Namnet kjem frå etter «Den heilage Jakob», fordi den byrjar å blomstra rundt 25. juli då Jakobsmessa er.
Størst av alt er det eit problem for landbruk, sidan det er giftig som fôr til husdyr. Storfe og hest vil vanlegvis unngå å eta planta, men vert den blanda saman med gras under klipping kan dei likevel få i seg Landøyda.
Sveio kommune oppmodar no folk om å gjera det dei kan for å stogga spreiing av problemplanta.
– Alle som er ute på tur kan ta i eit tak og hjelpa til med å avgrensa spreiinga, heiter det i ei pressemelding på nettsida deira.
Landøyda er ei toårig plante. Kjenneteikna er mellom anna smørgule blomsterkorger, og ei høgde på mellom 30 til 90 centimeter på ei vaksen plante.
Ifølgje kommunen vil ei planta som vert nappa opp saman med rota bety 2000 færre frø som kan spira neste år. Men, dei åtvarar samstundes mot at planta og skriv at den bør handterast med hanskar.
Landøyda er særleg å sjå langs vegane i kommunen, og er til og med eit problem for insekt. Nektar og pollen frå planta kan gjera at honning som kjem frå eit område med mykje Landøyda kan ha for høg verdi av plantegift.