nyhende
Ber om fleirbrukshall til nyskapande aktivitetsanlegg
Måndagens kommunestyre enda i forhandlingar på overtid om nyskapande aktivitetsanlegg. No ber dei rådmannen sjå kor ein fleirbrukshall kan plasserast på området.
Det var aldri teikn til dårleg stemning, men saka om nyskapande aktivitetsanlegg var utan tvil den som hadde mest engasjement på måndagens kommunestyremøte.
Først ut var John Kristian Økland (H) som snakka om at dei vil etablera ein fotballhall med fleirbrukspotensiale.
Mange ville snakka
Storleiken skal verta til det som kallast «9ar-bane» på fotballspråk, altså at det er ni spelarar frå kvart lag på banen.
Planen for å finansiera fleirbrukshall skal vera å nytta spelemidlar saman med brukarane av hallen, og økonomisk stønad frå kommunen. Det var fleire ivrige representantar som ynskte å gå på talarstolen, mellom andre Linn Therese Erve (Ap), Asle Georg Halleraker (TvF) og nyvalde Inger-Emilie Kvalvåg Panayiotou (Ap).
Sistnemde er ei av dei mange som nyttar Vigdartun, og har i privat samanheng tidlegare teke til orde for å styrka kapasiteten på Vigdartun. Måndag nytta ho talerstolen til å snakka om ny symjehall.
– Me må tora å bygga for framtida, og me må tore å satsa, sa Panayiotou, og viste tidlegare eksempler på satsingar som har vorte suksessar, som Vigdartun og golfbanen.
Forhandlingar på overtid
Etter ei rekke innlegg sa ordførar André Mundal Haukås (H) at det skulle opnast for eit kvarters gruppemøte, kor dei folkevalde kunne forhandla om forslaga sine. Om lag ein halvtime seinare opna døra til forhandlingsrommet seg og ei smilande Linn Therese Erve gjekk ut.
– Korleis går det der inne?
– Det gjekk veldig bra, sa ho.
Vedtaket
Vedtaket som til slutt vart røysta gjennom er i fire punkt og seier i klartekst:
1. Rådande forslag for nyskapande aktivitetsanlegg som heiter «maksimal måloppnåing» skal jobbast vidare med før plan for kostnad og finansiering skal vera klar sommaren 2024.
2. Som del av nyskapande aktivitetsanlegg skal det etablerast ein fotballhall med fleirbrukspotensiale, på storleik med ein 9ar-bane. Det kan også vurderast å bygga tak over eksisterande kunstgrasbane i staden for. Plan for dette skal vera klart til desember 2024.
3. Rådmannen skal orientera om status på arbeidet rundt nytt badeanlegg i neste møteserie.
4. Rådmannen skal laga ei kartskisse kor fotballhall med fleirbrukspotensiale kan plasserast i området til sentralidrettsanlegget.
Arbeidet med vidare planlegging skal dekkast av ein million kroner som vart øyremerka føremålet. Punkt 3 og 4 var dei som det var mest usemje om. Punkt 3 vart vedteke med 17 mot 8 røyster, kor TvF, SV og Ap var i mindretal, og punkt 4 vart vedteke med 18 mot 7 røyster, kor TvF og Ap var i mindretal.