nyhende

Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto

Ber om at kontakt blir avgrensa utover kommunegrensene

Søndag kom Sveio kommune med ei ny anbefaling i smittesituasjonen på Haugalandet – sveibuen er bedne om å avgrensa kontakt utover kommunegrensene.

Laurdag kom meldinga om at det var éin smitta knytt til avdeling for habilitering. No presierer kommunen at vedkommande er arbeidstakar i kommunen, og bur ein annan plass i regionen.

Jamlege møte

– Me følgjer situasjonen tett. Det er jamlege møte regionalt, både på kommuneoverlege- og leiarnivå. Det er eit aukande smittetrykk i regionen, og då spesielt i Haugesund, Karmøy og Tysvær. På grunn av dette har ein òg hatt møter med FHI, Statsforvaltaren og Helse- og omsorgsdirektoratet, skriv kommunen i ei melding.

Ikkje utanfor kommunegrensa

Vidare går det fram at Sveio kommune vil, i tillegg til tidlegare anbefalingar og lokalt vedtatt forskrift, anbefala at ein avgrensar kontakten utover kommunegrensene og at ein ikkje deltar på fritidsaktivitetar i andre kommunar på ytre Haugalandet fram til 26. mars, ei heller at ein gjennomfører arrangement/fritidstilbod som samlar deltakarar frå fleire av desse kommunane i dette tidsrommet. Dette gjeld aktivitetar både for barn og vaksne.

Gult nivå

Skulane i Sveio har planleggingsdag måndag og tysdag kommande veke. Barnehagane har planleggingsdag måndag. For augneblinken vurderer kommunen situasjonen slik at ein driftar både skular og barnehagar vidare på same tiltaksnivå som ein har vore på den siste tida.

Powered by Labrador CMS