nyhende
Ber lokalpolitikarar og tenåringsforeldre vera vakne og seia si meining om rusreforma
Å køyra moped utan hjelm er straffbart, men i framtida kan det bli straffefritt å ha og bruka litt narkotika. – Kva signal sender dette til ungdomen, spør Torbjørn Nervik d.y., som ber lokalpolitikarar og foreldre til barn og unge om å forstå kva forslaget til ny rusreform kan ha å seia for unge i framtida.
Det er straffbart å bruka og oppbevara narkotiske midlar. I forslag om ny rusreform, foreslår Helse- og omsorgsdepartementet at samfunnet heller skal hjelpa, behandla og følgja opp dei som blir tatt for bruk og besittelse av narkotika.
Signalet kan bli at det ikkje lengre er så farleg å halda på med narkotiske stoff. Om ein 15-åring blir oppdaga med hasj i lommane på skulen, vil konsekvensen bli eit møte med ei kommunal rådgjevningsteneste.
Foreldre ikkje påkopla
Torbjørn Nervik d.y., busett på Paradis ved Viksefjorden, har stor fagleg tyngde bak når han tek avstand frå forslaget til ny rusreform, då spesielt med tanke på unge.
– Ungdom er plikta til å møta opp, men treng ikkje seia eit ord, og kan gå etter ein halvtime. Foreldre treng ikkje vita om rusproblemet.
Med dagens lovgivning blir dei som blir tatt av politiet fulgt opp ved at foreldre blir kopla på. Politiet har ein del heimlar som kan gi vedkommande ein del hjelpetiltak, fortel Nervik. Han poengterer at politiet også hjelper ungdom utan straff, sjølv om strafferettslege verkemidlar ligg i botnen.
Politiet verktøy
Sjølv har han opp gjennom åra vore i dialog med fleire foreldre lokalt, også i Sveio, og hjelpt ungdom ut av rus. Dersom rusreforma blir vedteke, og politiet blir kontakta av foreldre som er uroa for til dømes røyking av av hasj i gjengen til barnet sitt, så kan ikkje politiet stilla opp med hjelp på same måte som i dag, fortel han.
– Undersøking av t.d. telefon og data gir ofte politiet og foreldre moglegheit til å få kunnskap om kor alvorleg situasjonen er, kor lenge det har vedvart, kva stoff som blir brukt, kven som sel. Dette er viktige opplysningar for å setja inn rette hjelpetiltak. Dette vil ikkje verken fastlege, barnevern eller andre kommunale instansar gi svar på, seier Nervik.
I nær 40 år har rus og narkotika prega arbeidslivet hans i politiet. Han er uroa, for politiet står i fare for å mista mange viktige verktøy for å hjelpa unge vekk frå denne type rus.
Meldte seg ut av Høgre
Dei siste åra har Nervik vore medlem, men ikkje aktiv politikar i Sveio Høgre. Haugesunds Avis og andre medium har skrive om Nervik, som sist veke melde seg ut av partiet, då han ikkje ønskjer å vera støttespelar for politikken Høgre sentralt har i forhold til forslag om ny rusreform.
Nervik opplever at det ikkje er rom for å seia si meining om rusreforma internt i partiet.
– Det er påfallande få som ytrar noko som helst om rusreforma. Mange tør ikkje, eller velgjer å ikkje uttrykka noko, sidan det sentralt blir meint noko anna. Eg forstår at det skal vera samstemt i eit parti, men enkelte samfunnsmessige tema burde ein klara å gjera eit betre grunnlag for det ein har tenkt til å bestemma, meiner Nervik.
Lokalt engasjement
Politipensjonisten etterlyser også engasjement frå lokale politikarar i Sveio og Haugesund. Han veit at mange av dei heilt openbart har eit heilt anna syn på saka, enn til dømes Høgre sentralt.
– Kva meiner du lokalpolitikarar kan bidra med?
– Dei kviler seg på eit syn om ein del nasjonale saker dei også. Om dei har eit ønskje om å gjera det best mogleg for ungdomen vår, eller dei som er rusavhengige, må dei meina noko i eit slikt spørsmål også. I det minste kan dei seia ifrå til sine kor lokallaget står. Backar dei opp reforma, eller har dei innvendingar? spør Nervik, som meiner dei bør kunna stilla spørsmål og senda sine signal til representantane sine høgare opp i systemet.