nyhende

Illustrasjonsfoto.
Illustrasjonsfoto.

Ber kommunen sjekka mogleg ulovleg utbygging

Statsforvaltaren i Vestland (SFVL) har varsla Sveio kommune om mogleg ulovleg utbygging i Vestvikvågen.

Publisert Sist oppdatert

Statsforvaltaren har blitt kjent med påstandar om mogleg ulovleg utbygging i Vestvikvågen i Sveio. Det aktuelle området er i dag tett utbygd med naust. Forholdet gjeld mogleg bruksendring av naust til fritidsbustader og/eller fritidsføremål, med innreiing og tilrettelegging for varig opphald, utan dispensasjon eller bruksløyve.

– Har de sjekka om det er grunnlag for oppfølging i denne saka?

– Førebels kjenner me berre til saka gjennom brevet frå SFVL, opplyser Bjarne Hetlesæter, leiar for plan- og næringseininga i Sveio kommune.

– Alle tips blir sjekka

Etter plan- og bygningslova er det kommunen som har plikt til å følgja opp avvik frå lova. Det er berre gjort unntak frå denne plikta for lovbrot som er av mindre betydning.

Ifølgje Hetlesæter får kommunen frå tid til anna ein del tips om ulovleg bygging, men har ikkje nokon statistikk på omfanget av dette.

Han bekreftar at alle  tips blir sjekka og følgd opp. Nokon med ein gong, medan andre gjerne må venta til det kan kombinerast med ei synfaring i ei anna sak eller liknande.

– Viser tipsa seg oftast å stemma?

– Somme gonger er det grunnlag for oppfølging, medan andre gonger syner det seg at tiltaket er innanfor rammene i lovverk og/eller planverk, og saka dermed kan lukkast.

Bjarne Hetlesæter, leiar plan og næringseininga, Sveio kommune.

Varslar fleire tilsyn

Når det gjeld ulovleg bygging varslar Sveio kommune fleire tilsyn i tida framover.

– Plan- og næringseininga er styrka mellom anna for å kunna gjennomføra fleire tilsyn. Det er under utarbeiding ein tilsynsstrategi som ein tek sikte på å få politisk forankra i løpet av hausten. Sjølve tilsynsaktiviteten vil bli lagt opp etter denne når han er politisk forankra, opplyser Hetlesæter.

Skilnad på naust og hytte

Med «naust» vert det til vanleg meint maritime uthus til oppbevaring for båt, båtutstyr og fiskereiskap. Frå naustformålet blir det trekt ei grense mot fritidsbustader, hytter og rorbuer. Dette er bygningar som er innreidde og godkjente for overnatting og varig opphald.

I brevet frå SFVL heiter det blant anna: «Bilete frå Google Instant Street View, syner ikkje noko skarpt skilje i arealbruken mellom naust og hytter i Vestvikvågen. Det kan difor vera indikasjonar på at somme av bygga kan ha blitt bruksendra frå naust til fritidsføremål.»

Statsforvaltaren i Vestland har blitt kjent med påstandar om mogleg ulovleg utbygging i Vestvikvågen. Sveio kommune er varsla.

Vidare blir det understreka at Statsforvaltaren ikkje har kjennskap til, og har heller ikkje undersøkt, korleis desse tiltaka er behandla i kommunen, eller om dei er godkjende med dispensasjonar og løyve eller liknande. Statsforvaltaren har heller ikkje undersøkt omfanget av naust og eventuelle fritidsbustader i Vestvikvågen.

SFVL har i sitt brev til Sveio kommune følgande merknad: Av kommunalt planarkiv er det aktuelle området omfatta av eldre reguleringsplanar frå 1999 og 2001, der vågen er regulert til «naust/båtopplagsplass» (vestsida) og «naust» austsida. Inste delen av vågen er omfatta av nyare plan (2011) med same planinnretning. Arealbruken i dette området er «uthus/naust/badehus». Reguleringsplanane er vidareførte uendra i kommuneplanen med omsynssone H910, jf. plan- og bygningslova.

Powered by Labrador CMS