nyhende

Sindre Vikanes fortel at dei har busett flyktningar som allereie har kome. No ber IMDi kommunane om å ta i mot fleire flyktningar.ARKIVFOTO: NAV
Sindre Vikanes fortel at dei har busett flyktningar som allereie har kome. No ber IMDi kommunane om å ta i mot fleire flyktningar.

Ber kommunar ta i mot fleire flyktningar

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) har justert opp talet på flyktningar dei vil Noreg skal ta i mot. Sveio er i gang med ny runde med busetjing.

Publisert Sist oppdatert

Nyleg auka Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) talet på flyktningar dei trur Noreg må førebu seg på å ta i mot i år.

Tidlegare anslo dei 35.000, men har no justert opp talet med 3.000 til 38.000. No oppmodar dei kommunar om å ta inn fleire flyktningar.

Til Sveio har det også komen nye, men dei er del av ei gruppe på 30 personar som allereie er vedteke å ta i mot.

— Det har kome 15 flyktningar, dei fleste av dei frå Ukraina, seier Sindre Vikanes.

40 til 50 ukrainske flyktningar

Som leiar for NAV i Sveio jobbar han mykje med å hjelpa dei å koma på plass i kommunen. Han fortel at dei nyaste ikkje har vore her så lenge.

— Dei første kom i mars. Me har sidan busett flyktningar løpande, seier Vikanes.

— Kjem det fleire før sommaren?

— Per no er det planlagt busetjing av ein person til før sommaren, svarar han.

Vikanes seier at Sveio kommune har busett og følgjer opp mellom 40 til 50 ukrainske flyktningar for tida.

Sak i kommunestyret

Måndag skal formannskap og kommunestyre røyste over om Sveio skal gjere slik IMDi oppmodar, å ta i mot fleire flyktningar.

— Sveio vart spurt om å ta i mot fem personar til, seier rådmann Jostein Førre.

Som leiar for administrasjonen er det han som legg fram saka måndag. Vert den røysta gjennom,  vil talet auka til 35 personar, i tillegg til eventuelle familiegjenforeiningar.

— Rådmann er positiv til innstillinga, seier Førre.

Powered by Labrador CMS