nyhende

1.276 polititilsette ute i streik:

Grensekontrollen på Oslo lufthamn Gardermoen er påverka av streiken i politiet. I vår nærleik er Sola og Flesland ramma.
Grensekontrollen på Oslo lufthamn Gardermoen er påverka av streiken i politiet. I vår nærleik er Sola og Flesland ramma.

Ber folk førebu seg på store flyplasskøar og lengre ventetid på pass

Per tysdag 4. juni er 1.276 tilsette i sju ulike politidistrikt tekne ut i streik. I tillegg er Kripos, Politidirektoratet, PHS og Økokrim framleis påverka.

Publisert Sist oppdatert

Det er Oslo, Aust, Sør-Aust, Sør-Vest, Vest, Trøndelag og Finnmark politidistrikt som er påverka av streiken, skriv politiet i ei oppdatering om konsekvensane av streiken tysdag.

Der slår dei fast at streiken har openberre konsekvensar, men det er per no vurdert at det ikkje er ein konkret og omgåande fare for liv og helse, eller at tryggleik og tungtvegande samfunnsmessige omsyn er trua.

Lengre ventetid på pass

Dei skriv vidare at ved saker som gjeld liv og helse, eller store samfunnsmessige interesser, vil det bli sendt søknad om dispensasjon for aktuelt personell.

– Streik er eit legitimt verkemiddel i ein arbeidslivskonflikt og vil alltid ha konsekvensar. Forutan noko redusert kapasitet innan etterforsking og etterretning vil streiken merkast ved at det blir lenger ventetid på pass- og ID-kontoret enkelte stader. Per no er det pass- og ID-kontor i Oslo, Søraust, Sør-Vest, Vest, Trøndelag og Aust politidistrikt som er ramma, seier fungerande leiar for arbeidsrettsseksjonen, Daniel Billaud i Politidirektoratet.

Store køar

Sør-Vest politidistrikt har tidlegare meldt at det blir om lag 70 prosent reduksjon på pass- og ID-kontora deira når streiken blir trappa opp.

– Det er viktig å førebu folk på at det også kan bli store køar i enkelte periodar når ein skal gjennom grensekontrollen på Gardermoen, Sola, Torp og Flesland. Vi oppmodar folk som skal ut og reise til å møte opp i god tid, seier Billaud.

Powered by Labrador CMS