nyhende

– For nokre år sidan var eg med på å samla inn 150 julegåver til Ukraina. Å vita at ungar har noko å gle seg til, gir meg glede, seier Bente Linn Dirdal.
– For nokre år sidan var eg med på å samla inn 150 julegåver til Ukraina. Å vita at ungar har noko å gle seg til, gir meg glede, seier Bente Linn Dirdal.

Bente Linn (31) vil gleda barn med hjelp av pantepengar

Etter at Bente Linn Dirdal fortalde om situasjonen rundt familieøkonomien i haust, har mange opna seg for ho. – Folk har kontakta meg, og fortel nærast livshistoria si. Det er mange som ikkje har det enkelt, derfor vil eg bidra til at fleire barn på Haugalandet får ei god jul, seier Dirdal.

Publisert Sist oppdatert

– Eg kjenner på at mange slit, og med korona har det vore ei tøff tid for ganske mange. Eg har lyst å hjelpa til, derfor vil eg samla inn tomflasker, seier Dirdal. For panten vil ho kjøpa leiker, og gi til frivilligsentralen her i Sveio.

Alternativ

Frivilligsentralen er alt i gong med ein eigen aksjon i regi av Kirkens Bymisjon, slik at Dirdal sitt bidrag kjem på toppen. Dersom ein skal kjøpa julegåver, må ein eigentleg inn på eit handlesenter for å finna ønskjene, eller så kan ein kjøpa gåvekort og gi lokalt. Dirdal har altså enda eitt alternativ.

– Det er ikkje alle som har lyst til å Oasen nå. Eg har lyst til å få samla inn mest mogleg, og når det blir gitt til Frivilligsentralen, veit eg at det kjem til rette personar, forklarar ho.

Kan henta

Det er frå Instagram-kontoen sin ho har gått ut med prosjektet, og ein lokal næringsaktør har alt tatt kontakt for å bidra.

– Eg har fått tre svære bæreposar med leiker frå Sveio Libris & Ringo, det er heilt utruleg, seier ei takksam Dirdal.

Dersom nokon har panteflasker å gi til føremålet, kan Dirdal ta i mot på døra eller henta hos andre. Sjølv bur ho i Sveio sentrum, og vil halda på med prosjektet fram til midten av desember.

– Ein kan også panta sjølv og Vippsa til meg, seier ho.

Powered by Labrador CMS