nyhende

Ingrid-Emilie Kvalvåg Panayiotou
Ingrid-Emilie Kvalvåg Panayiotou seier ja takk begge deler å bada i. Viktigast er at det er varmt nok.

– Begge deler er like fint så lenge det er 18+

Alle har ei meining om bading, enten ein likar det eller ikkje. Men kor er det best å bada, og er ferskvatn betre enn saltvatn? Me tek debatten og har spurt fleire sveibuar.

Publisert Sist oppdatert

Sumaren har komen og det same har sesongen kor du går berrføtt gjennom mudder, sand og steinar for å nå vatnet. Dei fleste er samde i at bading er kjekt, men usemja herskar rundt detaljane. I ein vakker kommune som Sveio som er omringa av sjø på tre sider, og har veldig mange flotte vatn å bada i, kva er best? Og kvifor?

Me har teke eit djupdykk i bade-debatten og kvar veke kjem nye svar på følgjande spørsmål:

Inger-Emilie Kvalvåg Panayiotou (53), Kvalvåg

– Kva er best å bada i av ferskvatn eller saltvatn? Og kvifor?
– No er eg ikkje noko badenymfe, men om eg skulle ha teke meg eit bad så er begge deler like fint så sant det er ok temperatur, om lag 18+. Eg er livredd krabbar, så det må ikkje vera mykje tang og tare, og helst sandbotn for då kan eg sjå om det er krabbar på botnen. Eg er like redd små som store krabbar.

– Kvar er den beste badeplassen i kommunen?
– Det er så mange flotte badeplassar i kommunen både i sjø og vatn, så her er det umogeleg å velja ein favoritt. Eg likar å bada utanfor naustet vårt på Kvalvåg ved Ålfjorden og i Storavatnet ved innkøyrsla til Kvalvågnes.

– Ville du ha bada i sjø/vatn kvar dag i eit år (også når det er kaldt), eller berre få dusja annakvar veke?
– Eg trur eg måtte ha dusja annakvar veke og gått for vaskeklutvask utanom. Eg er nok ingen isbadar.

Powered by Labrador CMS