nyhende
Bedrifter i Sunnhordland slit med å rekruttera
Bedriftene i Sunnhordland er dei som har størst rekrutteringsvanskar i Vestland. Det viser resultata frå NAV si bedriftsundersøking for 2021.
– Det er positivt å sjå at eit fleirtal av arbeidsgjevarane i regionen har positive forventningar for året. Samstundes er det urovekkjande at mange slit med å tiltrekke seg nye tilsette, seier Anlaug Rygg Svensen, fungerande leiar i NAV region Sunnhordland i ei pressemelding.
Resultata i NAV si årlege undersøking dreier seg om bedriftene sine forventningar for 2021. Undersøkinga vart gjennomført i februar og mars i år. 89 bedrifter i Sunnhordland har svart.
– Resultata syner at arbeidsgjevarane er på jakt etter fagarbeidarar og personar med høgare utdanning. Undersøkinga syner også at Sunnhordland er den regionen i Vestland som har minst behov for ufaglærte. Det er endå ei påminning om kor viktig det er med utdanning og kompetanseheving, seier Svensen
Mangfaldig rekruttering er eit alternativ
Samstundes meiner ho det kan vera fleire måtar for bedriftene å tiltrekke seg kompetansen dei har behov for.
– Eit alternativ kan vera mangfaldig rekruttering og inkludering av nokon som står utanfor arbeidslivet. Saman med arbeidsgjevarar kan me laga gode utviklingsløp som fører til rett kompetanse og arbeid, seier Svensen.
Korleis ein kan få til dette kan arbeidsgjevarar og andre høyre meir om når NAV arrangerer webinaret «Mangfaldig rekruttering» torsdag 27. mai. Der vil blant anna Liv Kari Eskeland, stortingspolitikar frå Høgre, og Håvard Kvarme, HR-rådgjeva ved Aker Solutions på Stord, vera med å belyse temaet.
– Koronapandemien har forsterka utfordringane med utenforskap. Nokre grupper var særleg utsatt på arbeidsmarknaden også før korona. Det er no viktigare enn nokon gang å auka innsatsen for å hindra utenforskap og inkludere flest mogleg i arbeidslivet, seier Anlaug Rygg Svensen.