nyhende

Illustrasjonsfoto.
Illustrasjonsfoto.

Bedrifter i oljenæringa er mest optimistiske

Bedrifter i oljeindustrien, og leverandørar til denne industrien, er klart meir optimistiske med tanke på framtida enn andre verksemder i Vestland. Dette viser den årlege bedriftsundersøkinga frå NAV.

Nesten 1000 verksemder i Vestland fylke har svart på spørsmål om sine forventningar til 2021.

– Når oljenæringa ser lysare på framtida enn mange andre bransjar, heng det nok saman med at dei har kontraktar og planlagde aktivitetar som sikrar inntektene dei nærmaste åra, seier Anne Kverneland Bogsnes, direktør NAV Vestland i ei pressemelding.

Finansnæringa er ein annan sektor som ser optimistisk på året som kjem.

Kvar fjerde bedrift har permittert

Dei mest pessimistiske bedriftene finn ein naturleg nok i dei næringane som har vore hardast råka av restriksjonar knytt til koronapandemien. Dette gjeld mellom anna personleg tenesteyting som frisørar og treningssenter, transportbedrifter og hotell og restaurant.

Mange bedrifter har blitt direkte påverka av pandemien. Kvar fjerde bedrift har permittert tilsette, medan 4 prosent har gått til oppseiingar. Dei fleste av desse driv innan overnatting og servering. 11 prosent svarar at dei har auka bemanninga som følgje av pandemien.

Manglar tilsette

Vestland har ein litt høgare del med rekrutteringsproblem enn landet elles. Totalt manglar bedriftene ca. 5 700 arbeidstakarar. I Sunnfjord er det til dømes stor mangel på arbeidskraft i hotell- og restaurantbransjen. Yrkesgruppene med størst mangel finn me innan helsevesenet, industri, bygg og anlegg. Sjukepleiar peikar seg ut som det yrket der det blir aller størst mangel på folk framover.

– Me har registrert over 10 000 arbeidssøkarar som er heilt ledige, så vår oppgåve er å bidra til at flest mogleg av desse finn ein match med ei ledig stilling. Det er gode moglegheiter for jobb i fleire bransjar, seier Bogsnes.

Bedriftsundersøkinga er ein del av ei nasjonal undersøking som NAV gjer kvart år. Årets undersøking vart gjennomført i februar og mars, og 981 bedrifter i Vestland svarte.

Powered by Labrador CMS