nyhende

Det var tomt for pengar til oppussing, og det såg rett og slett litt mørkt ut for Førde bedehus. Men no er det berre godlyd frå prosjektleiar Bjarne Hovda.
Bjarne Hovda trur det førebels har nok pengar til å byte kleding og vindauge på langveggen på bedehuset.

Bedehuset blei bønnhøyrt

Det var tomt for pengar til oppussing, og det såg rett og slett litt mørkt ut for Førde bedehus. Men etter et eit avisoppslag om saka er det berre godlyd frå prosjektleiar Bjarne Hovda.

Publisert Sist oppdatert

Hugsar du saka om det gamle bedehuset i Førde. Som var i dårleg forfatning – og at det var tomt for pengar til å ruste opp? Prosjektleiar og dugnadssnekkar Bjarne Hovda hadde knapt pengar til å klaske litt måling utanpå råte treverk, berre for at det ikkje skulle sjå så stusseleg ut. Han ropa varsko gjennom Vestavind sine spalter tidlegare i haust.

— Me treng hjelp, var den klare meldinga frå Hovda og bedehusforeininga.

No er ropet høyrt, og det var ein blid Hovda Vestavind slo på tråden til torsdag.

— Det er jo nesten litt rart, humrar han.

Han viser til at dei i alle år har slitt med å skaffe midlar til å halde bedehuset, som mellom anne blir brukt til både konfirmasjonar og bryllaup i høveleg stand.

Arv og sponsorar

Men etter at han stod fram i avisa har pengane runne inn, både frå privatfolk og sponsorar, fortel han.

— Mellom anna har Sparebanken Vest bidrege. Og me har fått pengar frå overskot i drifta av Gjenbruksløa i Førde, fortel han.  Sistnemnde vart i si tid etablert for å betale ned lånte på det nye soknehuset i Sveio sentrum. Det var nedbetalt tidlegare i år, og nå drypp det altså pengar til andre prosjekt også derfrå.

— Og me har til og med fått testamentert arv, fortel han.

— Kor mykje har de fått totalt etter avisoppslaget?

— Rundt 150.000 kroner. Og det er med særs takksame for, seier han.

Treng 100.000 til

Oppussingsprosjektet til bedehusforeininga i Førde er ikkje heilt i mål enno. Dei treng truleg 100.000 kroner til for å kome heilt i mål.

Men Hovda ser no lysare på fortsetjinga.

— No reknar eg med at vi har pengar nok til å leige inn fagfolk til å skifte bordkleding og vindauge på langveggen, fortel han.

Powered by Labrador CMS